Det vil ikkje vere første gong, men denne gongen er det endeleg. Asken etter Gene Roddenberry, James «Scotty» Doohan, kona hans Majel, samt ei rekkje Star Trek– og sci-fi-ting skal bli skoten ut i verdsrommet til neste år, melder Reuters.

Både Roddenberry og James Doohan sine kremerte etterlevningar har vore i verdsrommet før – førstnemnde allereie i 1992, og sistnemnde i fjor. Celestis-prosjektet har tidlegare sendt kapslar i bane rundt jorda, og seinare brent opp i atmosfæra, denne gongen er målet at det vesle sci-fi-arkivet skal gå i bane rundt sola driven av eit solsegl.

Gene Roddenberry. (Foto: Paramount)
Gene Roddenberry. (Foto: Paramount)

– Det kule med dette er at science fiction møter verkelegheita, seier Celestia-talskvinne Pazia Schonfeld.

Les også: Kinosommeren 1982: Star Trek II: The Wrath of Khan

«Berre» 75 000 kroner

Med på reisa er òg eit av håra til sci-fi-forfattar Arthur C. Clarke – mannen bak ei rekkje klassiske verk innanfor sjangeren, deriblant 2001: A Space Odyssey – samt beskjedar og namn frå ei rekkje personar som har betalt seg med på reisa.

Celestis-solseglet skal ta av november 2014, og ifølgje selskapet sjølv er det framleis plass ombord. Å få oska di med på ferda til verdsrommet – «the final frontier» – der ingen mann har vore før, kjem på den nette sum av minst 75 000 kroner.

Anmelding: Star Trek Into Darkness: Effektene imponerer like mye som historien skuffer

Kunne du tenkje deg å få asken din spreidd i verdsrommet?