Danske Forbrydelsen har fått sin The Killing, og dansk-svenske Broen endte opp i The Bridge. No kan det sjå ut som om NRK-serien Koselig med peis er vere nestemann ut. Daniel Voldheim, som var fotograf og ein av regissørane på serien, fortel at det no er skriven kontrakt med produksjonsselskapet FilmEngine:

– Avtalen er at de har eitt år på seg til å finne ein samarbeidspartner som vil sende og finansiere serien i USA.

Dei siste dagane har han vore i aktiv møteverksemd i Los Angeles saman med Thomas Seeberg Torjussen, som har skrive manus og regissert fleire av episodane.

Koselig med peis. (Foto: NRK)
Koselig med peis. (Foto: NRK)

Anmelding: The Bridge: – Interessant tross nyinnspilling

– Kjempegøy

– Kva likte dei med serien?

– Alt eigentleg. Men me har jo kanskje tenkt at serien kunne vere for mørk for det amerikanske publikummet, seier Voldheim og ler.

– Men me synest så klart at det er kjempegøy at serien er kjøpt opp i USA.

Koselig med peis gjorde reint bord på Gullruten, og resulterte ellers i ein Emmy-nominasjon for Stein Winge for rolla som alkoholikerpatriarken Frank. Originalversjonen gjekk på NRK i 2011, og handla – i Torfinn Borkhus sine ord – «om noe så kjedelig som frykten for å bli som foreldrene sine».

Medlemma i familien Borch-Hansen vart nøye undersøkt, med sønnen Georg som ei sentral skikkelse i serien.

Anmeldelse: Koselig med peis: – En serie jeg er glad jeg har sett!

Koselig med peis. (Foto: NRK)
Koselig med peis. (Foto: NRK)
Stor interesse rundt skandinavisk TV

Den engelske tittelen på den norske serien er Norwegian Cozy, noko som neppe vert namnet på den mogelege remaken.

FilmEngine leiter no etter ein «showrunner» – sjefsprodusent – for serien, og ifølgje Voldheim er det framleis ei god stund til produksjonen vert sett i gang. Sjølv har han eit håp om at HBO, AMC, Netflix eller Showtime er mogelege kanalar som kan vere interesserte.

Ingenting har enno hendt med remaken av danske Borgen, som NBC kjøpte opp hausten 2011, men skandinavisk TV er i vinden for tida, så det er framleis gode sjansar.

Så, kven er den engelskspråklege Anders Baasmo Christensen?