Microprose-spelet Transport Tycoon kom ut i 1994, med «oppfølgjaren» Transport Tycoon Deluxe like i hælane året etter. Sistnemnde er eit spel eg spelar framleis, då gjennom gratis-«open source»-remaken Open Transport Tycoon.

No arbeider spelskaparen Chris Sawyer saman med det britiske mobilspelselskapet Origin8 om å gjenskape spelet for iOS og Android.

Samarbeidspartnarane har ikkje vist fram noko frå sjølve spelet enno, men har sleppt ein liten teaser som viser ein iPad, eit pass og ei rekkje ulike billettar.

Denne traileren seier eigentleg ingenting om innhaldet.

Dermed veit me ikkje om spelet beheld sin firkanta, småklossete stil – eller vert grafisk oppdatert «for det nye tusenåret». Pressemeldinga nemner berre «redesign» utan å seie kva dei redesignar.

Anmelding: Game Dev Tycoon

Kongen av «tycoons»

Spelet er – trass, og av og til på grunn av, grafikken – eit av mitt livs største tidssluk, og timar kan gå med på å skape tog-, buss-, fly- og andre transportselskap. «Tanketom transport» fungerer som ei klokke (iallfall i tankane mine) i forsøk på å støtte og nære lokalsamfunna – og sjølvsagt tene haugevis med pengar.

Etter Transporter Tycoon-serien gjekk Sawyer over til Rollercoaster Tycoon-spela. Fornøyelsesparkstyringa har teke ein nedsving dei siste åra etter at Rollercoaster Tycoon 3 og Rollercoaster Tycoon 3D kom ut, noko gamle blodfans sjølvsagt skuldar på Chris Sawyers fråvær frå utviklinga.

Atari har nyleg forsøkt å gjenskape Rollercoaster Tycoon for iOS, men prosjektet ser ut til å ha havarert etter den amerikanske konkursen i januar i år.

Sidan 2005 har Sawyer eigentleg ikkje delteke i spelutvikling, men ifølgje pressemeldinga frå Origin8 starta han 31X Ltd i 2010 – då han skal ha fått attende nokre av Microprose-rettane – for å utvikle spelet for mobile plattformer.

Ifølgje spelets heimeside kjem det i løpet av 2013. Lat oss berre håpe dei unngår «kople spelet oppimot Facebook for å få eksklusive togmodellar»-funksjonen.

Korleis håper du dette spelet blir?