Regissør Steven Spielberg held fram med å balansere mange prosjekt på ein gong. No har han og Dreamworks vunne bodrunden om å gjenskape Vredens Druer – John Steinbeck-romanen frå 1939 – for filmlerretet, melder Deadline.

Boka handlar om depresjonstida i USA, og livet for bøndene som måtte flytte på grunn av dårlege kår. Vredens druer er rekna som ein av «dei store amerikanske romanane», og har allereie fått ei vellukka filmatisering som vann to Oscarar i 1940, blant anna beste regi til John Ford (Stagecoach, The Searchers).

Plakaten for Vredens Druer.
Plakaten for Vredens Druer.

Spielberg er uttalt fan av både filmen og regissøren, og oppsøkte Ford første gong som filmglad 8-åring.

Det førte til ei lærepenge han aldri vil gløyme, samt at han vart kjefta ut av kontoret til western-legenda (sjå videoen i botnen av artikkelen).

Les også: Spielberg: – Filmbransjen kjem til å implodere

Snikskytter som neste filmprosjekt

Hollywoodmagnaten har hittil ikkje utdjupa kva plattform han ser for seg at filmane hans skal dukke opp på, etter at han trakk fram strøymetenester som framtida i ein nyleg paneldebatt:

– Det kjem til å bli ein implosjon der tre-fire, eller kanskje til og med eit halvt dusin megabudsjettfilmar kjem til å krasje i bakken, og det kjem til å føre til eit paradigmeskifte, sa han då.

Så gjenstår det å sjå om spådommen hans går gjennom. Dei førebelse amerikanske tala for storbudsjettfilmen The Lone Ranger er iallfall ikkje veldig lovande.

Spielberg skal mest sannsynleg berre fungere som produsent på Vredens druer, som dei fleste andre prosjekt han har ein finger med i spelet på. Hans neste regissørjobb er filmen American Sniper med Bradley Cooper i hovudrolla, laga frå biografien til «USAs mest dødelege snikskyttar», Chris Kyle.

Fleire andre kjempa om desse rettane til adapsjonen, blant anna ville Robert Redford (Butch Cassidy & The Sundance Kid) lage den som miniserie hjå FX (Sons of Anarchy, Justified), men Spielberg skal ha vore mest overbevisande, skriv Deadline.

Det er venta at Steinbeck-romanen dukkar opp på filmlerretet i 2014, noko som vil samanfalle med 75-årsjubileet til boka.

Kva trur du om nyadapsjonar av bøker som alt er storfilmar (som The Great Gatsby)?