I kveld er det ikkje berre Noregspremiere – men òg festpremiere – i Fredrikstad, på Harald Zwarts Skyggejegerne: Demonenes by. Med seg har han ei rekkje av stjernene frå filmen, deriblant Lily Collins, Jamie Campbell Bower, Robbie Sheehan og Jonathan Rhys-Meyers.

– Jonathan Rhys-Meyers har ikkje vore på nokre andre premierer, han ville berre til Fredrikstad han, seier Harald Zwart til Birger Vestmo.

Filmen om demonar, vampyrar, varulvar og menneska som må ta seg av dei kom ut i førre veke i USA. Anmeldingane til filmen har vore blanda, og spesielt negativ i USA, men det er ikkje noko han bryr seg i særleg grad om.

Anmelding: Skyggejegerne: Demonenes by – Fantasifullt eventyr fra mistenkeleg kjent univers.

Lily Collins og Robert Sheehan har en utfordring i Skyggejegerne: Demonenes by (Foto: SF Norge AS).
Lily Collins og Robert Sheehan har en utfordring i Skyggejegerne: Demonenes by (Foto: SF Norge AS).

– Særleg etter The Karate Kid, var eg veldig stolt av filmen. Det er eg her òg, og eg kjenner at eg har ei ganske god rustning. Eg les dei ikkje, og tenkjer heller «Jaja, kva skulle ein ha gjort?», seier Zwart, som så avslører at Birger Vestmos meining kanskje betyr litt.

– Det er litt sånn det er, ein er jo oppteken av kva dei synest på heimebane, så di anmelding legg eg merke til.

Basert på populær bokserie

I si anmelding skreiv Birger at Skyggejegerne nok er ein film som kjem til å ergre og fenge ulike delar av publikummet. Og som vanleg med filmar basert på bøker, er bokfansen kanskje både den lettaste og den vanskelegaste gruppa å tilfredsstille. For Zwart var det viktig med fansens tilbakemelding:

– Det var då eg var mest letta, då eg viste filmen for hardcore-fansen som synest det var ein fantastisk film – der boka var godt bevart.

Manuskriptet kom til han like etter filminga av The Karate Kid var over. Zwart fatta interesse for historia, med ei sterk, ung kvinneleg hovudrolle – ikkje eit offer, eller for guttas del – men ei jente som er der på eigne premiss. Så prøvde han å bli fan sjølv. Allereie der starta hendingane som førte til filmens produksjon, og forfattar Cassandra Clare har vore ein ressurs for han:

– Det har vore ein ganske intim arbeidsprosess der eg har arbeidd tett med Cassandra slik at eg ikkje gjorde nokre feil med omsyn til dei neste filmane, men det er ein frigjerande prosess der eg har fått lov til å lage filmen utan å måle kva fansen synest. Det er jo ein gammal teori, som Pål Sparre-Enger – ein gammal rev i reklamebransjen – lærte meg, seier Zwart.

– Du må jo ikkje gi folk det dei vil ha, fordi dei fortener så mykje betre!

Anmelding: The Karate kid: – Zwart og Smith er dynamitt!

Jonathan Rhys Meyers spiller en farlig figur i Skyggejegerne: Demonenes by (Foto: SF Norge AS).
Jonathan Rhys Meyers spiller en farleg figur i Skyggejegerne: Demonenes by (Foto: SF Norge AS).

Opplever at fansen er fornøgd

Mange av den mest dedikerte fansen stilte opp allereie under innspeling av filmen. Zwart skildrar bokfansen som ei brei gruppe – mykje smarte unge jenter, men òg vaksne menn og kvinner.

– Dei har funne sine småting i bøkene som dei identifiserer seg med. Men eg er ikkje så veldig på å setje målgruppa først, og lage film etterpå. Eg laga ein film som eg sjølv synest det hadde morosamt å sjå, og eg kan godt sjå det slik eg synest det var moro å sjå film då eg var 15.

Jamie Campbell Bower viser seg som en kompetent sverdsvinger i Skyggejegerne: Demonenes by (Foto: SF Norge AS).
Jamie Campbell Bower viser seg som en kompetent sverdsvinger i Skyggejegerne: Demonenes by (Foto: SF Norge AS).

Han skildrar det som ein klassisk eventyrfilm, og seier at om han skulle ha laga den slik alle målgrupper og kritikarar ville heile tida, så hadde han aldri klart å lage den. Han vil ikkje gjere noko annleis i dei komande filmane.

– Eg må lage noko eg sjølv har lyst til å sjå.

Les også: Fleire ynskjer å ta opp tråden der «Harry Potter» slutta

Cassandra Clare har hittil skrive seks bøker i Skyggejegerne-serien, og fleire andre som sirklar i det same universet. Førebels er det gitt grønt lys til ein oppfølgjar, som Harald Zwart òg skal regissere. Den fornya tilliten fekk han allereie for tre månader sidan.

– Eg må iallfall vite at manuset er i orden, og det er det her. Men, ironisk nok, i vår bransje må ein jo vere glad for alle jobbar ein får!

Høyr heile intervjuet i denne vekas podkast frå Filmpolitiet.

Kva synest du om Zwarts jobb på bokserien?