Det var venta at Microsoft ville vise fram noko nytt frå Fable-selskapet Lionhead Studios på årets Gamescom-messe, men akkurat kva fekk me ikkje vite før i dag. Fable Legends skal ta stad i det same fantasyuniverset, men nokre hundre år tidlegare.

– Spelet startar i ein landsby, der du får ei liste over andre heltar som har lyst på oppdrag, seier Lionhead-sjef John Needham til oss etter presentasjonen.

(Førebels er det berre denne videoen som er vist offentleg.)

Sentralt i spelet er ein samarbeidsmodus, der opptil fire spelarar tek på seg kvar sin helt – sjarmerande sverdsvingar, rask pilskytar, taktisk magibrukar og hulkande barbar – som slåst mot den vonde skurken. Han er styrt av ein spelar med eit nettbrett, gjennom Microsofts SmartGlass-teneste, som i ein eigen modus skal forsøke å ta knekken på dei i det godes teneste.

– Du kan vere skurken og plassere monster og feller, for så å sende monstera mot heltane. Du kan spele saman fire personar, eller ned til éinspelar med tre datastyrte heltar, seier Needham.

Anmelding: Fable: Heroes: – Spillet mangler noe de andre spillene i serien har hatt – nemlig sjel

Tidleg versjon er lovande

Dei to siste Fable-avstikkarane – The Journey og Heroes – har ikkje vore det spelarane har håpa på. Needham lovar ei sterk historie, i takt med dei tidlegaste Fable-spela

Trollene angriper i Fable Legends (Foto: Lionhead Studios)
Trollene angriper i Fable Legends (Foto: Lionhead Studios)

– Me skal ha all sjarmen og humoren som gjer Fable spesielt. Det er unikt, fordi det er så unikt britisk i humoren. Det vil vere sosial samhandling i byane, og mykje karakter i ei herleg verd.

Marte Hedenstad i Filmpolitiet har sett ein veldig tidleg versjon av spelet på Gamescom, og synest førebels at det er lovande. Åtte veker inn i utviklingsprosessen var det skurkemodusen som såg mest interessant ut for ho:

– Det var interessant å sjå korleis Lionhead let deg spele skurk. Du ser verda frå eit fugleperspektiv, og kontrollerer fiendar og monster. Eg trur mange Fable-fans kan like dette!

I motsetning til dei andre spela i serien har dette krav om nett-tilkopling, grunna bruk av Microsofts skytenester – kanskje ei omgåing av Microsofts tilbakegang frå «alltid online»-krav? Fable Legends er venta mot 2014, men har inga fastsett premiere, seier Needham.

– Det har ingen dato enno. Det vert utgitt når det er «awesome»!

Kva bør Fable Legends ha for å overbevise deg?