Den japanske filmskaparen Hayao Miyazaki (72) pensjonerar seg etter sin komande film, The Wind Rises. Det sa ein representant for animasjonsfilmselskapet Studio Ghibli på filmfestivalen i Venezia i helga, ifølgje Associated Press.
– Han vil gjerne seie ha det til alle saman, sa Ghibli-president Koju Hoshino, og henviste til ei pressekonferanse seinare denne veka.
Fråsegna til Hinosho utelukkar visstnok ikkje kortare prosjekt, eller andre ting enn filmar. Detaljar kan nok ventast i løpet av veka.
Miyazaki grunnla selskapet saman med andre kollegaer i 1985, og har etter det laga ei heil rekkje flotte animasjonsfilmar. Han vant Oscar i 2001 for Chihiro og heksene – den første animefilmen til å vinne ein Oscar – men er òg kjend for filmar som Min nabo Totoro og Prinsesse Mononoke.
Anmelding: Chihiro og heksene: – Disney har ikke sjans til å gjøre dette bedre!
Kritisk til teknologi
For filmfans utanfor Japan har historiene hans gjerne vore vegen til ei større interesse for japansk animasjonskunst. Filmane han har vore med på å skape er kjend for bodskap om å ta vare på naturen og å vere kritisk til avhengigheita av moderne teknologi, gjerne med unge kvinner i hovudrolla. I 2005 sa han:
– Eg håper eg lever 30 år til. Eg har lyst til å sjå havet stige over Tokyo, og at NTV-tårnet [hovudkvarteret til TV-kanalen NTV] blir ei øy. Pengar og lyster – alt det kjem til å kollapse, og vilt, grønt gras kjem til å ta over.
Den førre filmen han skreiv manus til som kom ut i Noreg var Møte på valmueåsen i 2012, som vart regissert av sonen Goro Miyazaki.
Anmelding: Min nabo Totoro: – Japansk animasjonsfilm på sitt beste!
«The wind rises» blir hans siste film
The Wind Rises skal vere ein fiksjonalisert biografi om Jiro Horikoshi, skaparen av andre verdskrig-flyet Mitsubishi A6M Zero. Miyazaki har ei tilknytning til flyhistoria gjennom faren, som var direktør for ein av produsentane som laga delar for flyet. Filmen vert kinodistribuert av Arthaus, og får norsk premiere i første del av 2014.
Dette er rett nok tredje gong han pensjonerer seg (tidlegare i 1997 etter Prinsesse Mononoke og i 2005 før Ponyo), men i ein alder av 72 er det langt frå utenkjeleg at dette er den endelege avgjersla.
Studio Ghibli vil nok gå vidare i gode hender, blant anna gjennom sonen Goro og dei andre grunnleggjarane av selskapet, men det er likevel med ei respektfull tåre i augekroken at eg skriv denne artikkelen. Berre for å poengtere kva type status Miyazaki har i Japan:
How much Hayao Miyazaki, the founder of Ghibli Studios means to Japan -retirement announced by 速報 (alert). Usually reserved for earthquakes.
— Jeff Lippold (@feffrey) September 1, 2013
Kva Ghibli-film er din favoritt?