– Dette er heilt utruleg stort! Eg fekk akkurat vite det sjølv, det er heilt uverkeleg. Eg er kjempeglad!

Iram Haq er regissør for Jeg er din som i dag vart presentert som norsk kandidat til prisen for «Beste ikkje-engelskspråklege film» av Oscar-juryformann Mode Steinkjer. Dermed representerer filmen Noreg i prosessen fram mot Oscar-utdelinga i februar 2014.

Den opphavlege norske kortlista
  • Pionér
  • Regissert av Erik Skjoldbjærg
  • Om dei tidlege nordsjødykkarane, ein thriller om hemmelegheitene som vart skjult for dei
  • Anmelding av «Pionér»
  • Jeg er din
  • Regissert av Iram Haq
  • Om å bli slite mellom ulike roller og kulturar, som innvandrar til landet
  • Anmelding av «Jeg er din»
  • Eventyrland
  • Regissert av Arild Østin Ommundsen
  • Om småkriminalitet, og å aldri kome ut av den vonde sirkelen
  • Anmelding av «Eventyrland»

– Det var stor einigheit i juryen, sa Steinkjer til presse på Filmens Hus i Oslo.

– Det er ein universell film som berørte oss sterkt. Filmen har tekniske og andre kvalitetar som gjer til at me trur den har noko å gjere i konkurransen. Me håper den når langt!

Anmelding: Jeg er din: – Ærlig, oppriktig og realistisk

– Sterk hovudrolle

Filmpolitiets Birger Vestmo meiner Jeg er din er eit spennande val, og eit mindre og smalare film enn det til dømes fjorårets val, Kon-Tiki var.

– Det er vel kanskje den mest personlege av dei tre filmane, og er openbert laga av nokon som veit kva temaet dreier seg om. Her er det ei historie som er lokal, men som vil nå breidtt ut.

– Kampen om kjærleik, identitet og bekrefting er tema som ofte går igjen i film uansett kvar dei kjem frå. Her håpar nok den norske juryen at det skal fenge og bevege òg dei amerikanske filmsjåarane – blant anna gjennom ei sterk hovudrolle av Amrita Acharia!

Han er derimot ikkje heilt sikker på eventuelle vinnarsjansar i år. Sjølv om blant anna Jeg er din har hatt festivalvisingar i Toronto i år – der omtalt som ein moderne feministklassikar – har den ikkje heilt tyngda som Kon-Tiki hadde i fjor gjennom distributørmogul Harvey Weinstein.

– Ellers ser ein jo at dei som går hen og vinn ofte har vunne noko frå før, gjennom festivalar som dei i Cannes og Berlin. Det skal vel mykje til at ein, i utgangspunktet, anonym film skal kunne hevde seg i Oscar-samanheng. Men eg skal vere forsiktig med å vere bastant, eg sa jo at Kon-Tiki ikkje ville kome fullt så langt i fjor!

Les også: «Jeg er din» til Toronto

– Stor film med lite uttrykk

Steinkjer meiner at Kon-Tiki var eit naturleg val førre gang, på grunn av særstillinga historia har i Noreg, men at ein smalare film føltest rett i år:

Jeg er din er ein stor film med eit lite og personleg uttrykk. Me valde den ut på grunn av modigheita ved regien og det sterke personlege preget som bærast i hovudrolla.

Regissør Haq synest det er ærefullt å bli plukka ut, og ho seier ho er audmjuk for støtta.

– Dei to andre er gode kandidatar, så eg trudde ikkje me skulle bli vald ut. No er eg veldig motivert, og vil ha hovudet klart til å lage god film framover.

Jeg er din vil ikkje vere den einaste norske filmen i prosessen, Liv Ullmanns To Liv er plukka ut som Tyskland sitt bidrag til nominasjonsprosessen. Alle landa sine bidrag vert no sett på av juryen, før fem filmar vert trekt fram som dei nominerte den 16. januar til neste år. Oscar-utdelinga vil gå av stabelen den 2. mars 2014, éi veke seinare enn vanleg for å unngå krasj med vinter-OL.

I fjor kom Kon-Tiki så langt som å bli valt ut blant dei fem nominerte, men tapte for franske Amour.

Er du fornøgd med valet?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.