TV-verda går ikkje lei postapokalypsen, og denne gongen satsar HBO på endå fleire overgrodde, lite folksomme områder når dei no plukker opp 10 episodar av TV-serien The Leftovers, basert på manusforfattar Damon Lindelof (Star Trek, Lost) og regissør Peter Berg (Friday Night Lights, Battleship) sin pilotepisode, ifølgje Deadline.

Serien er basert på boka The Leftovers av Tom Perrotta – som ikkje omhandler den bollen med tacokjøtdeig bakerst i kjøleskapet – men i staden dei som vert att på verda idet Opprykkelsen – jordas endetid – foregår.

The Leftovers av Tom Perrotta. (Foto: St. Martin's Press)
The Leftovers av Tom Perrotta. (Foto: St. Martin’s Press)

Hovudpersonane som blir igjen på jorda hugsar ingenting av det som har skjedd – og skjærseldstemaet er dermed litt meir openbart i starten enn det det var i Lost.

Les også: Lost S06: – Fansen fekk sitt endelege punktum!

Ikkje ein ny «Lost»

Dette er Lindelofs første prosjekt som «showrunner» sidan Lost – med J.J. Abrams (Star Trek, Super 8) – som vart avslutta etter sjette sesong i 2010. I mellomtida har han arbeidd på blant anna Cowboys & Aliens, Prometheus og som ein av omskrivarane på World War Z.

Han har uttalt at han ikkje skal lage «ein ny Lost, og at han vil lage seriar utan (uomsettelege) «wackadoo mythology», så kanskje det er lov å håpe på noko som har beina på jorda?

I piloten, som vart produsert i fjor, spelte blant anna Justin Theroux (Mullholland Drive, American Psycho) som forsøksvis samlande politimann, Liv Tyler (Ringenes Herre, One Night at McCools) som gifteklar rømling, og Christopher Eccleston (Doctor Who, The Others).

HBO arbeider òg med Open frå Ryan Murphy (Glee, American Horror Story) og ein serieremake av Westworld frå J.J. Abrams.

Kan Lindelof «redde» seg etter kritikk for blant anna Prometheus?