HBO-serien The Newsroom får ein tredje sesong. Dette bekrefta Jeff Daniels, som spelar hovudrolla som nyheitsankeret Will McAvoy, på Twitter i dag.

Tidlegare i sumar uttalte Michael Lombardo, HBOs programsjef, at han vil vere sjokkert om den ikkje var fornya.

Dermed fortset Aaron Sorkins serie om nyheitskanalen ACN og programmet News Night for full maskin i 2014. Seriens nyheitsteam tek for seg fiktive og verkelege nyheiter, og viser korleis manusforfattar Aaron Sorkin ser for seg at ein redaksjon arbeider.

Anmelding: The Newsroom S02: – Serien som ville gitt PFU mareritt

Vil nok ta for seg eit hendingsrikt 2013

Fans av serien hadde lenge etterspurt nyheiter om ein tredje sesong, som kom seinare enn HBO vanlegvis kjem med slike nyheiter.

Dette kjem samstundes som nyheita om at True Bloods sjuande sesong vert den siste.

Andre sesong kjem til å avsluttast med to episodar om valgnatta november 2012 – den 8. og 15. september. Tredje sesong har fleire kontroversielle, reelle hendingar å ta for seg etter dette – med blant anna skuleskytinga i Newton og Boston-bombinga i månadane etterpå.

Kva pågåande TV-seriar meiner du fortjener ein ny sesong? Og kva seriar burde snart nærme seg slutten?