Narkotika er så mangt for ulike personar. Og få stader er dette meir tydeleg enn i filmens skildringar av rusmidler – her er det alt frå godslege, humrande kvardagsrøykarar til det ytterste helvete på jord.
I anledning Noregspremiera på We’re the Millers, komedien om fire personar som forkler seg som ein familie for å verke mindre mistenkelege som smuglarar – ein film Birger ikkje var så begeistra for – har me plukka fram fem filmar me meiner pensar rundt dei narkotiske midla – på fleire ulike måtar.
Boblarane var mange og fleirfoldige denne gongen. Blant dei som ligg ligg like under streken finn me blant anna The Big Lebowski, Pusher, Fear and Loathing in Las Vegas, Harold and Kumar goes to Whitecastle og mange andre.
Samtidig må ein heller ikkje gløyme kultklassikarar som Reefer Madness og norske Himmel og helvete – filmar som tek eit kraftig standpunkt mot rusmidler, men som etter kvart ender opp med å bli utilsikta sjølvparodiering.
Traffic (2000)
Andreas: Dette kunne ha blitt ein heilt anna film. Regissør Soderbergh hadde opphavleg prosjektet hjå 20th Century Fox, som krevde at Harrison Ford skulle få ei fremtredande rolle i filmen, og ei rekkje manusendringar.
Soderbergh nekta, og tok prosjektet til USA Films, som sa: Gjer det du vil!
Og det han ville var å lage eit krimdrama sett rundt grensa mellom USA og Mexico, som omhandlar smugling og verknadane av narkotika – ikkje sjølve misbruket – delvis basert på den britiske 80-talsserien Traffik.
– For someone my age it’s a lot easier to get drugs than it is to get alcohol.
Resultatet vart ei mangefasettert historie, med fantastiske skodespelarprestasjonar, og fire velfortente Oscar-prisar.
Saman med O, Brother, Where art thou og Matrix som kom ut på same tid var filmen òg ein trendstartar innanfor kraftig digital fargeendring. Ikkje skuld på Michael Bay for oransje og blåfargane i Transformers!
Enter the Void (2011)
Rune: Gaspar Noë lager kvalmende opplevelser, hans sanselige tilnærming til filmmediet tar fortellingene han skildrer langt inn i randsonene til den etablerte kunstfilmen.
Han har bare rergissert tre langfilmer. I I Stand Alone følger vi en slakters harmfylte og avgjørende dager. I Irreversible tvinger han seg nært inn på et overgrep i en grusom voldtekstscene, som varer ubehagelig lenge.
Enter the Void tar deg med inn i en verden av rus, av spirituelle opplevelser, til et menneske som mister grepet om virkeligheten rundt seg. Den sanselige opplevelsen er altoppslukende, og frastøtende.
– We promised to never leave each other.
Da jeg anmeldte filmen i 2011 kalte jeg den «et sant helvete». Og jeg avsluttet anmeldelsen med å si «Jeg elsker filmen. Jeg skal aldri se den igjen.».
Det utsagnet står jeg for den dag i dag.
Les også: Topp 5: Ubehagelige filmer
Up in smoke (1978)
Andreas: Sjølve gudfaren innanfor stonerkomedien – humor laga til, for og av marihuanarøykarar. Mange av sjangerens faste klisjear vart festa allereie her.
Marin Cheech og Tommy Chong, to standupkomikarar med sansen for å røyke jazztobakk, fekk etter lyst til å lage ein film basert på showet sitt. Lou Adler, manageren deira, og tidlegare produsent av blant anna Rocky Horror Picture Show slo til.
Det dei fekk ut av det var ein latterleg slapstick-komedie, der eit av plottelementa blant anna er at dei køyrer ein bil laga av marihuana – «fiberweed», som fiberglass av THC – over grensa frå Tijuana.
– Dope, drugs, weed, grass, toot, smack, quackers, uppers, downers, all arounders. You name it we want it!
Dei enfoldige bilistane ville jo berre ha litt pot, stakkars! Men neida, dei ender alltid i trøbbel. Eg trur ikkje eg er for langt inne i spoilerland når eg seier at dei klarar seg bra til slutt, det vart trass alt heile 11 filmar av denne gjengen. I fjor kom ein animert film, òg i tida som kjem er Up in Smoke 2 planlagd.
Les og hør: P3Dokumentaren «Grønn glede»
Trainspotting (1996)
Andreas: Komedier vert vel kanskje ikkje eigentleg svartare enn dette. For joda, Trainspotting er vel ei slags komedie – men når temaet det spinner rundt er heroinavhengigheit, og avrusning i Skottland, så er det mykje grums å ta tak i.
Opninga av Trainspottinger kanskje blant filmhistoriens kulaste anslag, og den vesle talen til hovudperson Renton har pryda mange plakatar sidan filmens kom ut i 1996.
– Who needs reasons when you’ve got heroin?
Om du ikkje har sett denne filmen, beklager eg, men ubehagelegheitene er til å ta og føle på. På ei toppliste over «Døde babyer i taket», så vil Trainspotting utan tvil nå toppen, og i tillegg ta alle resten av plassane.
McGregor gjekk hardt inn i rolla før filmen, gjekk ned 15 kilo, og gjekk til heimar for heroinmisbrukarar der han blant anna lærte å mekke brukardosar sjølv. På eit tidspunkt vurderte han òg å setje eit skot for å skjøne appellen, men ombestemte seg.
Tittelen, kjem frå boka filmen er basert på. I ei scene, som aldri kom med i filmen, møter psykopatiske Begbie sin forsvunne far, som spør om dei er ute og ser på tog – ein aktivitet som omtalast som «trainspotting».
Les også: Danny Boyle vil lage «Trainspotting»-oppfølger
Requiem for a dream (2000)
Marte: Hva skjer når narkotiavhengigheten blir så sterk at du er villig til å gjøre hva som helst for å opprettholde ditt eget misbruk? Det er noe regissør Darren Aronofsky utforsker i Requiem for a Dream.
Aronofskys bekmørke skildring av hvor dypt et menneske kan synke når narkotikaavhengigheten er det eneste som betyr noe i livet, er en svært ubehagelig film som gjør inntrykk. Det er umulig å ikke bli berørt av denne filmen.>
Jared Leto og Jennifer Connelly spiller et par som drømmer om å åpne en klesbutikk. I jakten på å få drømmen realisert begynner Harry og Marion å selge heroin for å tjene nok penger til å åpne butikk, og dermed blir drømmen til et mareritt.
For med salg fører også bruk, og etter hvert blir egne dopvaner viktigere enn spare kapital.
Samtidig som dette blir Harrys mor Sara (Ellen Burstyn), fortalt at hun har muligheten til å bli med på sitt favorittprogram på TV. For å slanke seg først besøker hun en luguber lege som gir henne en resept for amfetamin. Sara får dermed et eget rusproblem som snart spinner ut av kontroll.
En av filmens mest urovekkende scener er visualiseringen av hallusinasjonene Sara får når hennes virkelighetsoppfatning blir helt forvridd. Ellen Burstyn leverer en svært overbevisende rolleprestasjon og ble nominert til Oscar for beste birolle.
Requiem for a Dream er ikke en film det er gøy å se, men det er en filmopplevelse som virkelig går inn på deg. Har du ikke sett den har du en svært god, men også vond filmopplevelse foran deg!
Anmelding: Black Swan: – Aronofsky gir oss en distinkt følelse av paranoia