Då Agents of S.H.I.E.L.D. hadde premiere i USA førre veke enda den opp med den beste seriepremiera for eit ABC-drama sidan V i 2009. Med «forskyvd» sjåing – DVR, og ulike strøymetenester – nådde den eit sjåartal på over 20 millionar menneske, og var spesielt populær blant 18-29-åringar.
Heilt kvar den skulle bli vist i Noreg har vore eit spørsmål ei stund, og no har me fått eit svar. Viasat 4 vil sende TV-serien frå måndag den 21. oktober, klokka 22.00.
Serien handlar om den hemmelege agentorganisasjonen bak Iron Man og dei andre Marvel-superheltane, og bakast inn som ein historie som går ved sidan av filmane. Ingen av dei store superheltane er sentrale i serien – Captain America, Thor, og så vidare – men kvardagslege heltar, skurkar og agentane som må arbeide med dei.
Ein sentral figur er agent Coulson (Clark Gregg), kjend frå blant anna The Avengers.
Les også: Bølgja av superheltfilmar er langt frå over
Joss Whedon + Marvel
Det er serie- og filmskapar Joss Whedon som har regissert første episode i serien etter at han i fjor regisserte The Avengers. Han er kjend for å skape kultseriar som Firefly eller Buffy, og boltrar seg no i Marvels univers som konsulent på serien og regissør på Avengers 2.
I kveld går andre episode av stabelen på amerikanske ABC, og tradisjon tru – iallfall for superheltfilmar – skal det dukke opp eit kjend ansikt etter rulleteksten, ifølgje Marvel sjølv. Kritikarane er stort sett positive, og første episode har til no ein samla Metacritic-score på 76 av 100 mogelege.
Kva tenkjer du om at TV-seriar og filmar delar univers i såpass stor grad? Kommenter under dette klippet frå første episode.