Bibelhistorier er populære hjå Hollywood-filmskaparar for tida. Siste ut er Kevin Reynolds som skal lage Resurrection – historia om Jesu oppstandelse, melder blant anna Guardian.

– Som tonen i Gladiator, men med ein mystisk vri – ein film for alle aldre som fortel opphavet til den første påska, skriv produksjonsselskapet LD Entertainment, som blant anna står bak overlevingsthrilleren The Grey.

Historia skal ikkje forteljast frå Jesu synspunkt, i staden er hovudpersonen ein romersk centurion med mål om å undersøkje dødsfallet i dei 40 dagane fram til Jesus, ifølgje Bibelen, vart henta opp til himmelen.

Ikkje alle representasjonar av Jesus på film har fulgt kjeldematerialet like nøye. Her, Buddy Christ frå «Dogma».
Ikkje alle representasjonar av Jesus på film har fulgt kjeldematerialet like nøye. Her, Buddy Christ frå «Dogma».

At produsent Patrick Aiello står bak kalkunar som Street Fighter: The Legend of Chun-Li og Ghost Rider: Spirit of Vengeance er kanskje ikkje så betryggande, men regissør Kevin Reynolds har nyleg gjort den prisvinnande thrillerminiserien Hatfields & McCoys – i Noreg sendt på TV2.

Se video: Kjære Tarantino – lag denne filmen!

Mange bibelprosjekt i Hollywood

Ettersom manusforfattar Paul Aiello har òg arbeidd med Reynolds før, på Robin Hood: Tyvenes Prins, er det lov til å håpe på Kevin Costner (Waterworld, Robin Hood: Tyvenes Prins) i ei sentral rolle?

Dette er eit av mange bibelprosjekt i Hollywood for tida. Til neste år kjem Darren Aronofsky si filmforteljing om Noah, og Ridley Scott er i gang med eit Moseboksprosjekt, samtidig er blant anna Will Smith i samtalar om ein film om Kain og Abel, og Brad Pitt i ein film som Pontius Pilatus.

Jesu liv, død og oppstandelse har blitt skildra utallege gongar på film allereie, så det er kanskje på tide at ein får det frå eit anna synspunkt. Martin Scorseses Jesus siste fristelse, Mel Gibsons Passion of the Christ, Monty Pythons Life of Brian, og kanskje til og med Norman Jewisons Jesus Christ Superstar, er blant adapsjonane som er verdt å nemne.

Åh, kom igjen da – Waterworld er litt undervurdert, er den ikkje?