Filmen om 80-talshelten He-Man – den muskuløse prins Adam med eit minst like muskuløst alter ego, i det fabla landet Eternia – var godt i gang, men det kan verke som om ein plan har blitt endra hjå produksjonsselskapet Sony Pictures og leiketøysprodusenten Mattel. No er regissør Jon Chu (Step Up 3D, G.I. Joe) offisielt ute, og Terry Rossio har no teke over manusjobben.

Rossio er manusforfattaren bak filmar som Pirates of the Caribbean og Lone Ranger, og dermed kan det sjå ut som dei går same veg som Disney har gjort med framhenting av gamle heltar dei siste åra, med filmar som John Carter og Lone Ranger. Litt rart eigentleg, når ein ser på kor lite desse filmane har tent inn i forhold til dei enorme budsjetta sine.

Konkurrent Hasbro har nemleg hatt leiketøysfilmsuksess – økonomisk, i det minste – både for Transformers, G.I. Joe, og til og med Battleship, så det er kanskje ikkje så rart at Mattel held fram med å prøve seg på He-Man òg.

The Lone Ranger. (Foto: The Walt Disney Company Nordic).
Manusforfattaren bak «Lone Ranger» tek over He-Man. (Foto: The Walt Disney Company Nordic).

Juli 2012: Vil lage ny He-Man-film

Sal av leiketøy går ned likevel

He-Man hadde både ein teiknefilmserie og ein spelefilm på 80-talet – med ingen ringare Dolph Lundgren i hovudrolla – så det er ein figur mange som var unge på denne tida har eit forhold til. John Carter hadde same status for nokre år sidan, dog ein endå eldre figur, noko som førte til det største tapsprosjektet for Disney på fleire tiår.

He-Man er òg ei pågåande teikneserie hjå DC Comics, som er hakket meir alvorleg enn barne-TV-serien. Kva retning Rossio og Sony vil ta filmen er det dog vanskeleg å seie, bytet av manusforfattar kan bety at dei ynskjer å skru opp budsjettet – men òg at dei ikkje var særleg nøgd med prosjektet så langt.

Generelt lovar det uansett ikkje heilt bra. Eller?

Dungeons and Dragons, Ouija-brett, Stretch Armstrong, og så vidare. Det er mange forsøk for tida på å lage filmar basert på leiketøy for tida, kanskje ikkje så overraskande når ein ser at fleire leiketøysprodusentar har hatt dårlegare sal til fordel for digitale leiker dei siste åra.

Nyheiter om filmen basert på Monopol har me ikkje høyrd på ei stund, anna enn at Ridley Scott har gått frå å vere regissør over i ei produsentrolle.

Les også: Topp 5: Brettspillfilmer vi ikke har troen på

Kven bør desse filmane lagast for – dåtidas born eller notidas born?

Denne videoen må alltid vere med når me skriv om He-Man, det er ein offisiell regel