Vanlege filmtrailerar er keisame. Anten viser dei for mykje av historia og gjer det nesten overflødig å faktisk sjå filmen (Cowboys and Aliens, eg ser på deg), eller så viser dei for lite, og resultatet er at ein ikkje har klart å vekkje noko som helst av interesse. Gjenskapinga av skrekkfilmen Carrie har valt å ta ei litt anna veg.

«Den virale kampanjen» er eit artig dyr, og manifesterer seg gjerne på spennande vis. Sidan filmen handlar om ei jente med telepatiske krefter som hemnar seg på dei som har plaga ho, valde MGM å ta det i ei litt anna retning enn den klassiske traileren – nemleg i eit skjult-kamera-stunt for intetanande kundar på ein kafé.

Ein krangel utviklar seg til å bli hakket meir dramatisk enn den først såg ut, og bak falske veggar sat mannskap for å gjere kafeen overnaturleg:

– Folk skreik, dei sprang, og nokre vart lamma og fastfryst – medan dei forsøkte å forstå det dei nett såg. Med andre ord skremte me livskiten ut av folk, seier stuntansvarleg Michael Krivicka til Yahoo Movies.

I nyadapsjonen av Stephen Kings roman er det Chloe Moretz (Kick-Ass, Let me in) som spelar hovudrolla. Regissør Kimberley Pierce (Boys Don’t Cry) har uttalt at ho har lagt seg tettare opptil boka enn filmen frå 1976. Stephen King sjølv, derimot, var skeptisk på førehand:

– Spørsmålet må vere kvifor, når den originale var så god!

1976-versjonen, av Brian De Palma (Scarface, Untouchables) vart nominert til to Oscar-prisar i si tid, og er elles kjend for å vere den første av Stephen Kings romanar som vart filmatisert – og ein av dei få han sjølv er verkeleg fornøgd med.

Carrie har Noregspremiere den 15. november.

Kva hadde du gjort i den situasjonen? Legg att ein kommentar under denne, faktisk kjempeskumle, videoen med same prinsipp.

Det finst sjølvsagt ein heilt normal (keisam?) trailer for Carrie òg, den ser slik ut.