Den første Hunger Games-filmen frå 2012, basert på Suzanne Collins bøker, omhandla Katniss Everdeens (Jennifer Lawrence) kamp i The Hunger Games – Dødslekene. Handlinga tek stad i eit postapokalyptisk Nord-Amerika – der hovudstadens elite nyttar tenåringsrepresentantar frå distrikta sin dødelege kamp mot kvarandre som TV-underhaldning éin gong i året.

Etter at Katniss og Peeta Mellark (Josh Hutcherson) vann spelet i den første filmen, har dei blitt frontfigurar for eit opprør mot den undertrykkjande eliten i storbyen Capitol. President Snow (Donald Sutherland) ynskjer å roe massane ved å kaste i gang dei 75. Dødslekene, og håpar å kunne slå to fluger i éin smekk.

– Miss Everdeen, you fought very hard in the arena. But they were games. Would you like to be in a real war?President Snow

Katniss og Peeta vert tvungne tilbake i arenaen, ettersom det no er det dei sigrande frå tidlegare spel som skal kjempe. Dermed må innsatsen skruast opp eit par hakk, men først skal dei på ei PR-kampanje – ei glattpolert fasade for presidenten.

Les også: Fleire filmar ynskjer å ta opp tråden der «Harry Potter» slutta

Posttraumatisk stress

På årets Comic-Con, verdas største nerdemesse, forklarte Jennifer Lawrence litt om figuren si utvikling i denne filmen:

– Ho slit med posttraumatisk stressliding etter leikene, medan ho bur i vinnarlandsbyen der ho aldri treng tenkje på mat, og ho kjenner seg ubrukeleg. Ho tilpassar seg eit nytt liv.

Regissør Francis Lawrence (I am Legend, Vann til elefantene) har teke over franchisen etter Gary Ross som regisserte den første. Reint utsjånadsmessig ser det dog ikkje ut som det har ført til dei heilt store endringane. Manuset er skrive av Simon Beaufoy (Slumdog Millionaire, 127 Timer) og Michael Arndt (Little Miss Sunshine, Toy Story 3).

Traileren, som klokkar inn på litt over eitt minutt, er den siste før premiera i slutten av november, og er for ein gongs skuld ei førebuing som ikkje overfortel absolutt alt kva som vil hende i filmen. Dog, litt kort er den kanskje?

Hunger Games: Catching Fire får Noregspremiere den 20. november – to dagar før mesteparten av verda – og er den andre i ein serie på minst fire planlagde filmar (dei neste i 2014 og 2015).

Korleis er den perfekte filmtrailer?