Nokre TV-seriar lever og avhenger av éin enkelt person. Anten fordi manus eller plott ikkje er spennande nok i seg sjølv, eller rett og slett fordi éin skodespelar overdøyver alle andre.

Raymond Reddington (James Spader) er blant FBIs mest ettersøkte menn. Han er kjend for å vere «The Concierge of Crime», ein slags fikser som ordnar ressursar og detaljar for andre kriminelle.

Plutseleg overgir han seg utan synleg grunn, og seier at han ynskjer å avsløre alle klientane sine. På ein betingelse, han vil kun samarbeide med den nyutdanna FBI-etterforskaren Elizabeth Keen (Megan Boone). Ho på si side, er i ferd med å adoptere eit born saman med sin nye ektemann – og slit med å balansere kvardag og arbeid i Washington.

The Blacklist. (Foto: 2013 Sony Pictures Television)
The Blacklist. (Foto: 2013 Sony Pictures Television)

Det passar med andre ord ikkje heilt ypperleg å få ein storkriminell inn i livet hennar på dette tidspunktet – men kva vil han eigentleg med Elizabeth?

Anmelding: Hannibal S01: – Vakkert og skremmende etterforskningsdrama

Svartelista som utgangspunkt, Spader som midtpunkt

Det grunnleggjande i serien er Raymonds Blacklist – svartelista over klientane hans – og éin avslørt kriminell per episode. Utgangspunktet er litt keisamt, spesielt om ein er like lei «procedurals» som meg, men serien blir bært til dei grader av James Spader.

Med eit intenst, karismatisk blikk, ein upåklegeleg sans for stil, og tydeleg måbevisst, etablerar han seg raskt som ein figur som vil bli artig å følgje med på i komande episodar.

Spader har holdt seg i TV-bransjen i eit godt tiår, gjerne som figurar som er skråsikre på at dei er den mest intelligente personen i rommet – både på godt og vondt. Det er ikkje det at dei andre figurane ikkje er interessante – Boones dilemma er spennande nok i ein TV-kvardag allereie stappfull av morske menn – men i opninga er det Reddington som tek rampelyset.

Serien er ganske valdeleg, dog ikkje heilt på nivå med med fjorårets NBC-serie Hannibal.

The Blacklist. (Foto: 2013 Sony Pictures Television)
The Blacklist. (Foto: 2013 Sony Pictures Television)
Seriekriminalitetsfetisjisme

The Blacklist har antydningar til kriminalitetsfetisjisme – denne nær sagt hyllinga av seriekriminelle, og dei som arbeidar for å fange dei, har vore sentralt i TV i mange tiår allereie.

Heilt på nivå med i nestenparodien The Following er det dog ikkje, men for nokre kan Reddingtons nesten overnaturlege manipuleringsevne til å ha oversikt og framsyn til absolutt alle hendingar rundt seg bli litt for mykje.

Anmelding: The Following: – Kevin Bacon tek styringa i kampen mot ein armé av seriemordarar

Alle førsteepisodar er jo sjølvsagt laga med tanke på å vere eit anslag, ei reklame, for resten av historia, men sjeldan har ein episode kjentest i såpass stor grad som ein trailer for resten av TV-serien.

Ettersom NBC har byrja å avslutte fleire av CSI-seriane sine, historier med evige mengder materiale å ta av, er nok håpet at denne serien kan bli noko av det same. Blacklist er veldig avhengig av sine kriminelle, at historiene om dei er spennande og varierte nok til at kvar episode ikkje berre vert det same kvar gong. Eit overhengande historie om Elizabeths ukjende kriminelle far, og Reddingtons skjulte motiv for å finne akkurat Elizabeth vert forhåpentlegvis spennande nok til å drive serien framover.

Likevel, opninga klarar å skilje seg akkurat nok ut frå mengda med «éin skurk per episode»-seriane som allereie finst. Med eit fargerikt rollegalleri, og akkurat nok leik med ein litt sliten sjanger kan The Blacklist bli interessant nok. Men kjære serieskapar Jon Bokenkamp, ver snill å avslutte denne tidleg nok, før den blir endå ein CSI-serie.

The Blacklist går klokka 21.20 på TV3, kvar sundag.

Om SERIEN

The Blacklist
  • The Blacklist
  • Slippdato: 27.10.2013, søndagar 21.20 på TV3
  • Regi: Jon Bokenkamp
  • Utgiver: NBC
  • Originaltittel: The Blacklist
  • Sjanger: Action, Drama, Krim