Hopp til innhold

Eksklusivt: Sjå dei første minutta av «Jul i Flåklypa»

– Vi hadde lyst til å lage vår eiga tolking, uberørt av andre filmatiseringar, seier regissør Rasmus Sivertsen.

Eksklusiv forhåndskikk på julefilmen frå Kjell Aukrusts univers.

Flåklypa Grand Prix frå 1975, står framleis fjellstøtt som den mest sette kinofilmen i Noreg. Historia om sykkelreparatøren Reodor og venene hans sin kamp for å vinne Flåklypa Grand Prix, og forsvare den vesle bygdas ære, har blitt eit ikon i norsk filmhistorie. Regissør Rasmus Sivertsen har difor store sko å fylle når han lagar filmen Solan & Ludvig: Jul i Flåklypa

– Vi tok tidleg eit val om at me ikkje skulle sjå den gamle Flåklypa-filmen då me byrja på denne filmen, rett og slett fordi me ikkje ville bli påverka av Caprino si tolking av Kjell Aukrusts univers, seier Sivertsen.

– Vi hadde lyst til å lage vår eiga tolking, uberørt av andre filmatiseringar.

Dette er den tredje gongen Flåklypa vert portrettert på film, først i 1975, så i teiknefilmen Gurin med reverompa frå 1998. Teknikken som er vald denne gongen er nærast førstnemnde, med bevegelege dukker og stop-motion-animasjon. Ikkje noko dataskapte CGI-figurar her!

«Solan og Ludvig: Jul i Flåklypa».

«Solan og Ludvig: Jul i Flåklypa».

Foto: Nordisk Film Distribusjon AS

Sjå video frå settet: – Skuespillerene gjør alltid som vi sier

Har sett tilbake på Kjell Aukrust sitt arbeide

– Når vi møter karakterane for første gong, så er dei ute på tunet og står med ein propellkjelke som Reodor har bygd – klar til å teste den. Det har ikkje kome snø enno, men Solan har veldig lyst til å teste kjelken likevel.

– Innimellom desse scenene så klipper me inn lysbildesekvensar av historiske hendingar i kvar karakter sitt liv, for å vise korleis vi ser desse.

Solan, Ludvig, Reodor og resten av innbyggjarane i Flåklypa – inspirert av den ekte bygda i Lom i Gudbrandsdalen – oppstod gjennom forfattar og illustratør Kjell Aukrust sitt arbeid frå 60-talet og fram til hans død i 2002. Sivertsen har gått tilbake og sett på korleis teikningane, miljøa og dialogen var med på å farge figurane.

– I denne filmen har me òg tilført eit nytt element, karakterane snakkar dialekta slik dei snakka i bøkene til Kjell.

– Spesielt når det er eit så kjent og kjært univers som dette, så er det veldig viktig å setje tonen tidleg. Å ha publikum på vår side, og dra dei inn i historia. Då er det ei blanding av at me visar karakterane, og litt action då, i byrjinga.

Solan & Ludvig: Jul i Flåklypa har Noregspremieren den 8. november.

Kva trur du om opninga av filmen? Sjå videoen i toppen av saka, og legg att di meining i kommentarfeltet.