Flåklypa Grand Prix frå 1975, står framleis fjellstøtt som den mest sette kinofilmen i Noreg. Historia om sykkelreparatøren Reodor og venene hans sin kamp for å vinne Flåklypa Grand Prix, og forsvare den vesle bygdas ære, har blitt eit ikon i norsk filmhistorie. Regissør Rasmus Sivertsen har difor store sko å fylle når han lagar filmen Solan & Ludvig: Jul i Flåklypa

– Vi tok tidleg eit val om at me ikkje skulle sjå den gamle Flåklypa-filmen då me byrja på denne filmen, rett og slett fordi me ikkje ville bli påverka av Caprino si tolking av Kjell Aukrusts univers, seier Sivertsen.

– Vi hadde lyst til å lage vår eiga tolking, uberørt av andre filmatiseringar.

Dette er den tredje gongen Flåklypa vert portrettert på film, først i 1975, så i teiknefilmen Gurin med reverompa frå 1998. Teknikken som er vald denne gongen er nærast førstnemnde, med bevegelege dukker og stop-motion-animasjon. Ikkje noko dataskapte CGI-figurar her!

«Solan og Ludvig: Jul i Flåklypa». (Foto: Nordisk Film Distribusjon AS)
«Solan og Ludvig: Jul i Flåklypa». (Foto: Nordisk Film Distribusjon AS)

Sjå video frå settet: – Skuespillerene gjør alltid som vi sier

Har sett tilbake på Kjell Aukrust sitt arbeide

– Når vi møter karakterane for første gong, så er dei ute på tunet og står med ein propellkjelke som Reodor har bygd – klar til å teste den. Det har ikkje kome snø enno, men Solan har veldig lyst til å teste kjelken likevel.

– Innimellom desse scenene så klipper me inn lysbildesekvensar av historiske hendingar i kvar karakter sitt liv, for å vise korleis vi ser desse.

Solan, Ludvig, Reodor og resten av innbyggjarane i Flåklypa – inspirert av den ekte bygda i Lom i Gudbrandsdalen – oppstod gjennom forfattar og illustratør Kjell Aukrust sitt arbeid frå 60-talet og fram til hans død i 2002. Sivertsen har gått tilbake og sett på korleis teikningane, miljøa og dialogen var med på å farge figurane.

– I denne filmen har me òg tilført eit nytt element, karakterane snakkar dialekta slik dei snakka i bøkene til Kjell.

– Spesielt når det er eit så kjent og kjært univers som dette, så er det veldig viktig å setje tonen tidleg. Å ha publikum på vår side, og dra dei inn i historia. Då er det ei blanding av at me visar karakterane, og litt action då, i byrjinga.

Solan & Ludvig: Jul i Flåklypa har Noregspremieren den 8. november.

Kva trur du om opninga av filmen? Sjå videoen i toppen av saka, og legg att di meining i kommentarfeltet.