Anten du allereie har ete deg gjennom første rasjon av julemarsipan, eller du er av typen som ikkje drikk julebrus før lille julaftan, så er jula uansett godt på veg. Med juletider tilhøyrer òg juleverkstaden – anten det er store eller små born du lagar pynt saman med. Så kjem problemet, det meste av julepynt er frykteleg, frykteleg keisamt!

Frå eiga oppskrift vil eg difor dele min favorittjulepynt, julekorger med Star Wars-motiv. Prosjektet starta for nokre år sidan, då eg i utmattinga etter ein lang og hard eksamensperiode kjeda meg noko frykteleg.

  • Du treng:
  • A4-ark i mange ulike fargar
  • Hobbykniv, skalpell eller liknande (Saks går, men gjer arbeidet vanskelegare)
  • Ein printer
  • Pinsett
  • Julestemning
  • I mitt tilfelle: Ingenting å gjere på i juleferien

Dette er den generelle julekorga – som ein gjerne lagar på juleverkstader generelt – med ein Star Wars-twist!

Velg rett papir, farge og verktøy!

Mønstera mine er laga for A4-ark. Med litt enkel datamagi bør det dog ikkje vere vanskeleg å lage dei for større papirflater (eg vil ikkje anbefale dei detaljrike mønstera for særleg mindre papir).

Dei to fargane du vel bør vere ulike, og av den bøyelege sorten som ein gjerne nyttar til slike korger. Harde, stive, ark vil kanskje føre til at den held seg lenger – men det betyr òg at dei er mykje verre å setje saman.

VIKTIG: På eit av bileta mine har eg ei Darth Vader-korg der eg nytta svart som ein av fargane (av naturlege årsakar). Det er ein dårleg idé – som eg nytta mykje ekstra tid på – fordi mønstera er avhengige av å bli printa ganske nøyaktig på arket. Printerblekk visast generelt veldig dårleg på svart papir.

Til å kutte med kan det vere greit å ha ein hobbykniv (i så fall treng du ei hardfør overflate å kunne arbeide på). Dei små detaljane kan vere litt vanskelege å få til med ei saks – men det går til nød.

Darth Vader med ett av tidenes filmsjokk i Star Wars episode V: Imperiet slår tilbake (Foto: Lucasfilm).
Darth Vader finds your lack of #starwarsjulepynt disturbing (Foto: Lucasfilm).
Kutting, bretting og veving

Print ut mønsteret (du finn dei i botnen av artikkelen) på to like store ark, og brett arket i to langs den stipla linja slik at strekane er på utsida av bretten.

VIKTIG: Dei rosa felta skal kun kuttast ut på eitt av papirarka, på den fargen du vil at skal sjølve figuren skal ha. Det er opp til deg sjølv kva det er, men stort sett ser det finast ut om du gjer dette på det arket med lysast farge. Darth Vader – vondskapens herre – er sjølvsagt eit unntak. Ellers skal alle svarte linjer kuttast langs.

Ein hobbykniv som dette er ein fordel. (Foto: Evan-Amos i public domain)
Ein hobbykniv som dette er ein fordel når du kjem til smådetaljene. (Foto: Evan-Amos i public domain)

Når alle linjene er kutta ut slik teikninga viser, så bretter du papiret den andre vegen, slik at mønsteret er inni bretten. Deretter vever du dei tre delane saman akkurat som ei vanleg julekorg – sjå denne oppskrifta for framgangsmåte – der det arket du kutta dei rosa bitane ut av er fargen som er ytterst i midten.

Gjer vevinga forsiktig, ettersom dei mange smådetaljane kan vere lette å rive i. Å nytte ein pinsett til hjelp kan vere lurt for å få delane til å gli saman lettare.

Ta-dah! Du har no eitt stykk popkulturell julepynt å henge på treet ditt, eller gi til den personen i livet ditt som kan flest Star Wars-sitater.

Mønster

Her er fire mønster eg har laga. Om du har lyst til å prøve med eit enkelt mønster først, så er Death Star absolutt den lettaste. Og sånn for papirbesparinga si skuld, så er det absolutt plass til to mønster per ark.

I tillegg har eg lagt ved ein blank mal som du kan lage ditt eiget mønster på – Star Wars eller ikkje. Prinsippet er ganske lett, teikn inn eit symmetrisk mønster på 4-5 centimeter – snudd 45 grader langs streken på skrå – og klipp rundt.

Eksperimentér, og del gjerne bileta dine her, på Instagram eller liknande tenester med #nrkjul eller #starwarsjulepynt!

Klikk for å sjå bileta større.

Stormtrooper:

Stormtrooper til julekorg. #starwarsjulepynt
Stormtrooper til julekorg. #starwarsjulepynt

Dødsstjernen:

Det er ingen måne, det er ei julekorg. #starwarsjulepynt
Det er ingen måne, det er ei julekorg. #starwarsjulepynt

Darth Vader:

Julekorg av sjølvaste Darth Vader. #starwarsjulepynt
Julekorg av sjølvaste Darth Vader. #starwarsjulepynt

C-3PO:

Julekorg av Androiden C-3PO. #starwarsjulepynt
Julekorg av Androiden C-3PO. #starwarsjulepynt

Mal:

Mal for di eiga julekorg. #starwarsjulepynt
Mal for di eiga julekorg. #starwarsjulepynt
Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.