Oppdatert, 09.12.2013: Ryktene stemmer, og spelet vart avduka på VGX-utdelinga. Telltale skal lage eit episodebasert spel satt i Game of Thrones-verda.

Telltale er i gang med eit spel basert på same opphav som TV-serien Game of Thrones, melder IGN. Ryktet er førebels ikkje offisielt bekrefta, dei har det etter sigande frå fleire kjelder.

– Offisielt har me ingen kommentar, seier Telltale-sjef Steve Allison i ein kommentar til IGN.

For nokre veker sidan gjorde Telltale-grunnleggjar Kevin Bruner og Dan Connors ein spørsmålsrunde på Reddit der dei snakka om eit drøymeprosjekt som dei ikkje kunne avsløre enno.

Tidlegare har dei òg snakka om lysta til å lage spel frå TV-seriar som Mad Men eller Doctor Who. Mange spekulerte i om drøymeprosjektet kunne vere Star Wars-basert materiale, men kanskje det er George R.R. Martins A Song of Ice and Fire-serie?

Walking Dead-spillet. (Foto: Telltale)
Telltale har allereie gjort suksess med spel basert på «The Walking Dead». (Foto: Telltale)

Anmelding: «Game of Thrones» S03: – Det blir ikke bedre enn dette!

Fleire gode speladapsjonar

Selskapet, som blant anna består av tidlegare LucasArts-medarbeidarar, har slått seg opp dei siste åra på episodebaserte adapsjonar som tek stad i det same universet, nye historier som går parallelt med historiene i opphavet.

For tida arbeider dei med andre spelsesong av The Walking Dead og andre episode av relativt nye The Wolf Among Us.

Korvidt eit spel vil basere seg på TV-serien, bøkene, eller hendingar som enno ikkje er beskrive i bøkene, er vanskeleg å seie, men ei eller anna tilknyting til det etter kvart så kjende universet vil det absolutt vere – anten det er i «notid» eller i tida før bøkene. Igjen, dette er førebels berre eit rykte, men det verkar som eit logisk samarbeid – teken i betrakting Telltales eksisterande, historiefokuserte prosjekt.

Anmelding: «The Wolf Among Us»: – Mørkt, så jævlig mørkt

Dette vil ikkje vere det første Game of Thrones-spelet. Norske Artplant er allereie i gang med eit MMORPG sett i det same universet, og både eit rollespel frå Atlus og eit strategispel frå Focus Home er allereie laga.

Er Telltale det rette selskapet for eit slikt spel, eller er dei det rette selskapet for eit slikt spel? Legg att di meining i kommentarfeltet!