I desse dagar er det omtrent eit tiår sidan Love Actually hadde premiere på norske kinoar, og på 10 år har den rukke å blitt ein slags juleklassikar.

Flettverkshistoria, regissert og skrive av Richard Curtis (Notting Hill, Fire bryllup og en gravferd), er ei reise gjennom heile åtte ulike gradar av kjærleiksforhold – alt frå ein statsminister si sekretærforelsking, til djupe ekteskapelege problem – sett i tida rundt jul.

For nokre har den allereie blitt ein juletradisjon, for andre er det eit makkverk utan like. I førre vekes Filmbonanza trakk Jens Stoltenberg filmen fram som ein julefavoritt – som han til ein viss grad kan identifisere seg med.

Jens Stoltenberg snakkar om «Love Actually» på Filmbonanza 05. desember.

– Det er ein utruleg glad film. Den handlar om kjærleik, det er ein livsbejaende positiv, hyggeleg film som bringar mykje glede, tru på kjærleik og mykje humor. Og passe dillete til ein julefilm å vere.

Det er derimot ikkje alle som er like nøgd. I P2-programmet Radioselskapet laga Nina Kammersten i 2011 ein hatjulekalender, der ho trakk fram nettopp Love Actually som eit eksempel på alt som er gale med jula og julefilmar.

Kammersten meiner filmen har eit lovande utgangspunkt, før den forsvinn i eit hav av klisjear.

– Det startar fantastisk med denne forfalne rockestjerna (Bill Nighy), som trekk alle kaninar ut av hatten for å skape ein gjennomkommersiell julehit. Så held filmen fram med å gjere akkurat det same, kun for å vinne kjenslene dine, seier ho.

Filmpolitiets dom: Love Actually: – En konfekteske der nesten alle bitene smaker like godt!

– Me godtek alt fordi det er ein julefilm

Ho er heller ikkje åleine. Nyleg gjekk filmanmeldaren i The Atlantic ut med eit slags retrospekt på filmen. Christopher Orr hata Love Actually i 2003, og han hatar den framleis. Han kallar det «den minst romantiske filmen nokosinne», og trekk fram måten filmen føregrip at alle elskar kvarandre – omtrent utan å ha snakka saman først.

– Prinsipielt er hovudterskelen til å inngå eit forhold å ta mot til seg og seie «eg elskar deg» – helst på storslagent vis – og med ein gang du klarar det, er du omtrent allereie i kveitebrødsdagane, skriv han.

På spørsmål om å koke ned kva som er gale med Love Actually til éi setning, ler Kammersten:

– Alt! Absolutt alt.

Thomas Sangster og Liam Neeson i Love Actually (Foto: United International Pictures).
Lurar ein av desse på kva i alle dagar dei nettopp har sagt ja til? Det trur Nina Kammersten. (Foto: United International Pictures).

– Hovudpoenget er at me godtek alt, fordi det er ein julefilm. Den er fullstendig utan rot i verkelegheita. Det finst ikkje andre filmar i verda der alle lærer seg portugisisk på to veker. Ingen synest det er eit problem. Eg har ofte tenkt på kva skodespelarane tenkte då dei las manus, kva tenkte Liam Neeson då han først las samtalane sine med den motbydelege gutungen?

Ho trekk fram historiene om Alec Guinness, som spela Obi-Wan Kenobi i Star Wars. Den klassisk skulerte skodespelaren skal ha vore misnøgd med replikkane sine, og spurt om «den grøne tingen» (Yoda, sjølvsagt) ikkje kunne lese dei i staden.

– Det må ha vore omtrent slik for Neeson også, seier ho.

Også Stoltenberg meiner det er like mykje det rundt filmen som gjer den god, samt kjenslene den skaper – latter, glede, varme, men òg sorg.

– Det er jo ikkje historia som er det imponerande!

Les også: Topp 10: Birgers julefavoritter

Den éine scena folk hugsar

At filmen badar i klisjear er det vanskeleg å kome unna – sjølv for dei som likar filmen.

Innimellom fleire av gladhistoriene er det òg nokre tragiske hendingar, spesifikt Karen (Emma Thompson), som oppdagar at mannen hennar har kjøpt eit smykke til ei anna kvinne – noko som seinare fører til eit samlivsbrot.

– Den scena er den einaste folk hugsar. Det er den einaste scena som alle klarar å forholde seg til, alle har opplevd å gå på den smellen. Ingen hugsar statsministeren, men det alle har opplevd er at den du elskar går frå deg.

Så godt som alle har likevel ein eller anna form for favorittfilm i jula, også Nina Kammersten. Sjølv må ho få med seg Tre nøtter til Askepott kvar jul.

– Det er jo ein tullefilm, men den gir heller aldri inntrykk av å vere noko anna enn ein tullefilm.

Love Actually går på NRK1 den 21. desember, klokka 20.55. Tre nøtter til Askepott går sjølvsagt julaftan, klokka 11.00.

Kva synest du om «Love Actually»? Er du samd med Christopher Orr og Nina Kammersten?