Det har nesten blitt ein juletradisjon. Kvart år rundt desse tider dukkar The Black List opp, ei liste over dei beste manusa som ikkje er laga film av enno – stemt fram av ein drøss av Hollywoods filmprodusentar. Tidlegare var den meir kjend for å vere ei liste over prosjekt som neppe blir filmar, dei seinare åra har det blitt meir mainstream.

Årets liste er dominert av biografiske filmar, som har vore ein storfilmtrend i nokre år, med manus tileigna blant anna Steven Spielberg (med det flotte namnet The Shark Won’t Work), Stanley Kubrick, Oscar Wilde, og to historier om barne-TV-helten Mr. Rogers.

Andre Øvredal før premieren på Trolljegeren. (Foto: Gorm Kallestad / Scanpix)
Andre Øvredal før premieren på Trolljegeren. (Foto: Gorm Kallestad / Scanpix)

Blant manusa finn ein òg Trolljegeren-regissør André Øvredal sitt neste prosjekt – The Autopsy of Jane Doe – på 23. plass.

Les også: «Trolljegeren» får remake, Øvredal får fleire filmprosjekt

Dette er historia om ein far og son, som båe arbeider i eit likhus, og som ein dag får inn eit uidentifisert lik som fører til opprullinga av mange hemmelegheiter i den vesle byen dei bur i.

– Manuset har alt eg leiter etter i ei historie. Det er rett og slett det skumlaste manuset eg har lest nokosinne, har Øvredal uttalt tidlegare.

I fjor låg komande filmar som sci-fi-historia Transcendence og Hillary Clinton-biografien Rodham øvst – båe er i produksjon no – og 2011 var Django Unchained blant vinnarane.

At eit manus kjem på denne lista er verken eit teikn på at den kjem til å bli laga, eller at den i det heile teke er god, men det er ein artig peikepinn på historier i åra som kjem. Fleire av desse manusa er kjøpt opp av produsentar, så ikkje ver overraska om dei dukkar opp i løpet av dei næraste åra.

Nokre historier du synest ser interessante ut? Legg di meining i kommentarfeltet, under årets topp 15.

1. Holland, Michigan
Andrew Sodroski
Når ei tradisjonell kvinne frå Midtvesten i USA mistenkjer mannen sin for å vere utru, startar ho si eiga privatdetektivundersøkjing.

2. Section 6
Aaron Berg
Ei utforsking av Storbritannias etterretningsteneste, Ministry Intelligence, Section 6, no betre kjend som MI6.

3. Frisco
Simon Stephenson
Ein allergi-barnelege i førtiåra, som spesialiserer seg på hasselnøtter og er nær ei skilsmisse, lærar livslærdom frå ein veslevaksen dødeleg kreftsjuk 15-åring når ho dukkar opp på helgeturen hans til San Francisco.

4. A Monster Calls
Patrick Ness
Ein ung mann med ei dødeleg sjuk mor byrjar å få visjonar om eit tremonster som fortel livslærdom i form av tre historier, som hjelper han å takle kjenslene for si døyande mor.

5. The Special Program
Debora Cahn
Den sanne historia om Jack Goldsmith, ein ung advokat som tok over det Kvite Hus sitt Office of Legal Counsel, og gjekk mot visepresident Cheney og hans indre sirkel, då han oppdaga at dei gjorde fleire ulovlege handlingar i det såkalla «Special Program».

6. Hot Summer Nights
Elijah Bynum
Ein tenårings liv skruast ut av kontroll når han blir ven med byens rebell, forelskar seg, og blir oppslukt i dopsal ein sumar i Cape Cod.

7. Sovereign
Geoff Tock, Greg Weidman
Ein mann reiser til verdsrommet for å øydeleggje eit skip med kunstig intelligens som drap kona hans.

8. Shovel Buddies
Jason Mark Hellerman
I løpet av 24 timar prøver 4 tenåringar å fullføre «The Shovel List», ei liste over ting bestevenen deira ynskja å gjere før han døydde av leukemi.

9. Pox Americana
Frank John Hughes
I den ville vesten reiser ei gruppe soldatar på eit oppdrag for å drepe ei lokal indianarstamme som hemn for ei anna stamme sitt angrep på ei kvit busetjing. På vegen får alle ein særs smittsam sjukdom.

10. Reminiscence
Lisa Joy Nolan
Ein «arkeolog» med teknologi som let deg leve tidlegare liv misbrukar sin eigen vitskap for å finne sitt livs tapte kjærleik.

11. The Independent
Evan Parter
Med USAs første levedyktige uavhengige presidentkandidat på veg til å vinne, oppdagar ein idealistisk ung journalist ein konspirasjon som plasserer skjebnen til valet og landet i hans hender.

12. Beast
Zach Dean
Ein omvendt kriminell med ei sterkt valdeleg fortid kjem heim igjen, og finn sonen sin på veg ned den same livsvegen han sjølv hugsar.

13. The Golden Record
Aaron Kandell, Jordan Kandell
Den sanne historia om korleis Carl Sagan forelska seg i det villaste oppdraget i NASAs historie: ein forgylt plate med informasjon og historie om livet på jorda, meint for avansert utomjordisk sivilisasjonar.

14. Faults
Riley Stearns
Ein kultekspert er hyra inn av eit foreldrepar for å kidnappe og «avprogrammere» deira hjernevaska dotter. Snart mistenkjer han foreldre for å vere meir destruktive enn kulten han har i oppdrag å redde ho frå.

15. Sweetheart
Jack Stanley
Ein kvinneleg snikmordar prøver å forlate bransjen, men finn seg sjølv i ein farleg situasjon etter ein skule-reunion og eit one night stand.

Du finn heile lista på blcklst.com.