Inneheld spoilers for avslutninga på åttande sesong av 24.

Allereie i fjor haust vart det kjend at TV-serien 24 skulle bli gjenopplivna for ein kort niande sesong, som denne gongen skulle finne stad i London. No har meir informasjon om prosjektet dukka opp, som har namnet Live Another Day. Jack Bauer (Kiefer Sutherland) er tydelegvis ute av stand til å bli borte, og han kjem attende til amerikanske Fox den 5. mai.

– Når han kjem tilbake finn me ut at han er på eit oppdrag. Om det er bra eller dårleg veit me ikkje, men dei jaktar på han, seier produsent Manny Coto til USA Today.

– Han er ikkje heilt på Osama bin Laden-nivå, men nesten.

Chloe O'Brian (Mary Lynn Rajskub) i 24. (Foto: Fox)
Chloe O’Brian (Mary Lynn Rajskub) i 24. (Foto: Fox)

Anmelding: 24 S08: – Jack Bauer, det er nok nå

Runddans i London

Live Another Day tek opp hendingane 4 år etter avslutninga på åttande sesong, som avslutta med at Bauer – ved hjelp av ven og kollega Chloe O’Brian (Mary Lynn Rajskub) – sneik seg ut av søkelyset til antiterroreininga CTU etter å ha drepe blant anna den russiske utanriksministeren.

Denne gongen blir Chloe og Jack sett opp mot kvarandre, i ein runddans i London.

– Me fann ein plass der me kunne emosjonelt plassere Jack, fysisk plassere Jack. Chloe – som ikkje er hans trufaste hjelpar lenger – er skadeskoten, og har slutta seg til «free information»-rørsla.

Dermed kan det sjå ut som det vert trekt inn Wikileaks- og Edward Snowden-tematikk i universet som ikkje akkurat er kjend for å vere subtilt og fintfølande mot dei som er definert som fiendar av USA.

Anmelding: Zero Dark Thirty: – Spennende terrorjakt, selv om utfallet er kjent

12 episodar, ikkje 24

I motsetning til tidligare skal denne sesongen vere på berre 12 episodar, halvparten av det 24 tradisjonelt har hatt.

Med færre episodar tillèt det produsent og manusforfattar Howard Gordon tidshopp, i staden for den strenge formelen dei første sesongane var basert rundt, ein prosess han beskriv som «eit maraton, veldig, veldig presserande».

– Om dette ender opp med å starte showet på nytt eller lage ein film så er det greitt, seier Sutherland.

– Men akkurat no er me fokusert på episodane.

Manuset vert for tida ferdigskrive og skal starte innspeling ganske snart. I Noreg er det TV2 som har sendt serien tidlegare.

Har du trua på meir terroristjakt frå Jack Bauer?