(Inneheld nokre spoilers frå filmen. Det er vanskeleg å snakke om verkelege hendingar utan å seie kva som hende, tittelen er jo ein spoiler i seg sjølv.)

Lone Survivor er ein stålpatriotisk film. Manusforfattar/regissør Peter Berg og initiativtakar Mark Wahlberg har tydeleg respekt for soldatane dei framstiller, men har – i staden for å skape brorskapseposet dei ynskja – gjort filmen til ei overpompøs, kameraristande reklame for Navy SEALs som ikkje gjer dei ekte soldatane nokre tenester. Filmen tek berre pausar frå actionen for å.. nei, vent, den tek aldri pause frå actionen.

På ukomplisert vis klarar Lone Survivor å få fram at stridskamp er brutalt og forvirrande, med hjerterå og intense bileter av fysiske skader – men filmen segnar i hop historiemessig. «Moderation is for cowards,» seier Mark Wahlbergs figur på eit tidspunkt – det har Peter Berg teke til hjartet.

I denne samanhengen har eg skrive eit høyrespel om korleis eg trur den første prosjektsamtalen var. I likskap med Lone Survivor er den «based on a true story». (Du kan sjå ein bildelagt versjon ved å trykke i avspelaren over.)

Det er forfattaren som les

FORTELJARSTEMME
– Anmelding av Lone Survivor, av Andreas Hadsel Opsvik. Det er forfattaren som les.

EKSTERIØR – skog, ca. 2012. Varm dag. Me har ikkje særleg med pengar i budsjett, så berre film ekstremt nært på alle ansikt, og ha ei gran i bakgrunnen.

PRODUSENT, SKODESPELAR, REGISSØR, OG ALL-AROUND HOLLYWOOD-GENTLEMAN MARK “MARKY MARK” WAHLBERG HELD OPP EIN TELEFON OG RINGER:

MARK WAHLBERG (til telefonen)
– Hei, er dette produsent, skodespelar, regissør og all-around Hollywood Gentleman Peter Berg?

‘MURICA! Foreslått soundtrack.

PETER BERG (skrikande, frå telefonen)
– ‘MURICA!

PLUTSELEG RULLAR MARK WAHLBERG NED EIN FJELLSKRENT. HAN FÅR VONDT, KNEKK EIT BEIN, MEN TRASKAR VIDARE. KAMERAET SKIFTER VINKEL, FRAMLEIS EIT GRANTRE BAK HOVUDPERSONEN – DET ER MANGE AV DEI HER.

MARK
– Oops! Ja, dette er Mark Wahlberg, du veit, han som Entourage er basert på. Du, eg såg nettopp Oscar-vinnaren Zero Dark Thirty, men eg synest at det var for få nærbileter og for lite action i den. Samtidig, så var det for få våpen, for lite action, og for få patriotar. Difor har eg lyst til å lage ein ny film, basert på ei anna historie om Navy SEALs, du veit, dei enormt barske amerikanske spesialsoldatane som eg alltid har hatt lyst til å bli ein del av?

PETER (spørjande, men skrikande, frå telefonen)
– ‘MURICA?

Lone Survivor. (Foto: SF Norge)
Mark Wahlberg og grantrær. (Foto: SF Norge)

MARK
– Eg såg forresten òg Battleship, og synest at din subtile kritikk av det ellers pinglete moderne amerikanske militæret kombinert med enormt mange bileter av store krigsfartøy og våpen var spennande! Og så har eg ein faktisk militæroperasjon å basere det på! Vil du vere med?

PETER (blid, men skrikande, frå telefonen)
– ‘MURICA!

Operation Red Wings

MARK
– Ok, her er tanken: Operation Red Wings! Oppdraget der fire anglo-saksiske soldatar tok seg inn i dei afghanske fjella med mål om å drepe Taliban-sjefen Ahmad Shah, men i staden drap over 100 Taliban-soldatar i ein skog, før han vart funnen av lokale som hjalp han å overleve.

PETER (forventande, men skrikande, frå telefonen)
– ‘MURICAAAAH?

MARK
– Jada, USA og militæret er sjølvsagt ganske framtredande – ellers hadde eg ikkje ringt deg. Me får til og med ei slags moralsk scene der hovudpersonen, spela av meg sjølvsagt, let vere å skyte nokre geitegjetarar fordi dei er sivilistar. Seinare kjem han sjølvsagt til å angre på avgjersla. DUH, liksom!

PLUTSELEG RULLAR MARK WAHLBERG NED NOK EIN FJELLSKRENT. HAN FÅR VONDT, KNEKK EIT BEIN, MEN TRASKAR VIDARE. KAMERAET SKIFTER VINKEL, FRAMLEIS EIT GRANTRE BAK HOVUDPERSONEN – DET ER FRAMLEIS MANGE AV DEI HER.

Lone Survivor. (Foto: SF Norge)
Taylor Kitsch og grantrær – to av hovedrolleinnehavarane i denne filmen. (Foto: SF Norge)

MARK
– Det gjekk bra-ish! Men det er ikkje dét som gjer filmen bra, altså, det er også gamle, malplasserte æreskodeksar og sterkt brorskap mellom meg og dei tre andre skjeggete skodespelarane som eg diverre ikkje får spelt samtidig. Og berre for å vise at eg ikkje er rasistisk, så skal ein afghansk smågut med store, søte auger gi meg ein klem mot slutten av filmen.

PETER (skuffa, men skrikande, frå telefonen)
– DERKA? ‘MURICAH!

MARK
– Ja, eg må vel det. Men det er berre eg som overlever da, det avslører eg allereie i byrjinga av filmen – sånn i første scene – etter den 3 minutter lange reklamefilmen for den harde treninga ein må gjennomgå for å bli Navy SEAL.

PETER (spørjande, men skrikande, frå telefonen)
– Hmmmmm.. ‘MURICA?

MARK
– Joda, det går bra. Handlingane er der, lat oss berre fylle det ut med nokre greier eg skreiv etter å ha sett Band of Brothers og Generation Kill for tjueførste gong her om dagen. Eg kjem forresten til å kritisere Obamas Afghanistan-kutt – THANKS OBAMA – ved å implisere at oppdraget hadde vore null stress dersom me berre hadde hatt meir pengar. Det stemmer vel sånn cirka, kanskje, men det er ikkje akkurat det einaste eg forandrar. Haha, «based on a true story» er ikkje det det ein gong aldri har vore, eller kva?

PLUTSELEG RULLAR MARK WAHLBERG NED ENDÅ EIN FJELLSKRENT. HAN FÅR VONDT, KNEKK EIT BEIN, MEN TRASKAR VIDARE. KAMERAET SKIFTER VINKEL, GRANTRE – DU SKJØNER GREIA.

Lone Survivor. (Foto: SF Norge)
Taylor Kitsch, Mark Wahlberg, Ben Foster, Emile Hirsch og grantrær. (Foto: SF Norge)
Skjegg = mann

MARK
– Oisann! Alle i filmen har forresten skjegg, det er det næraste eg gidd å kome symbololologi i denne filmen: Dess lenger skjegg du har, dess meir mann er du. Og sidan alle afghanske menn openbart har skjegg, så har eg gitt dei maskara, slik at ein skal skjøne at dei er kjerringer! Genialt, er det ikkje? Good, evil, svart, kvitt!

PETER (latter, men skrikande, frå telefonen)
– ‘MURICAHAHAHA!

MARK
– Og ja, du tek med deg helikopter og våpen og sånt frå boksen med gjenlatne ting etter Battleship-innspelinga, sant? Og ta med deg Taylor Kitsch – han har jo ikkje akkurat fått gjort så mykje etter den fiaskoen, hahaha!

Regissør Peter Berg. (Foto: REUTERS/Lucas Jackson)
Regissør Peter Berg. Disappointed. Ingen grantrær. (Foto: REUTERS/Lucas Jackson)

PETER (skuffa, men skrikande, frå telefonen)
DISAPPOINTED!

MARK
– Slapp av, Peter! Om dette går bra, så gjer me noko til etterpå, ok? For eksempel meg i hovudrolla som ein hardbarka kriminell nattklubbeigar og kokainkjøpmann (Cocaine Cowboys, i prosjektet American Desperado) – noko anna eg innerst inne alltid har lyst til å bli.

PETER (skeptisk, men skrikande, frå telefonen)
– ‘MURICAaa…

MARK
– Ja, eg veit – litt mindre militære fartøy, men mykje meir verkelegheitstru, ikkje sant? Me klarar sikkert å setje «based on a true story» på den òg.