Disney-filmen Frozen (Frost) vann i natt prisen for beste animasjonsfilm under årets Golden Globe-utdeling. I eit år utan store favorittar for kategorien vann filmen i konkurranse mot The Croods og Grusomme meg 2.

Filmen er skapt med inspirasjon frå norske omgivnader og med norsk musikk – blant anna gjennom eit samarbeid med Innovasjon Norge, som vart kontakta om prosjektet for to år sidan med spørsmål om stader i Noreg ein burde ha sett. Resultatet vart innhopp frå blant anna Bryggen i Bergen, Akershus festning, ei rekkje norske fjordar, nordlys, og samisk musikk.

«Frozen»-regissørane Jennifer Lee og Chris Buck med Golden Globe-prisen for beste animasjonfilm. (Foto: REUTERS/Lucy Nicholson)
«Frozen»-regissørane Jennifer Lee og Chris Buck med Golden Globe-prisen for beste animasjonfilm. (Foto: REUTERS/Lucy Nicholson)

Les også: Her er alle Golden Globe-vinnarane

Historia finn stad i fiktive Arendelle, eit område satt i evig vinter etter ei fatal hending – lettare inspirert av H.C. Andersens Snødronningen.

– Dette er veldig interessant, og ei stor mogelegheit for norsk reiseliv, sa reiselivsdirektør i Innovasjon Norge, Per-Arne Tuftin, då nominasjonen vart kjend i desember.

God effekt for «Brave» i fjor

Disney har òg eit eiget reiseselskap som no vil starte reiser til Noreg for spesielt interesserte – eit liknande prosjekt vart òg gjort i Skottland med fjorårets Pixar-film Brave (Modig), som vann både Golden Globe og Oscar-pris i same kategori.

– Om ein ser på Brave, så har dei rekna seg fram til at filmen skapte ein meirverdi i Skottland på over 1 milliard norske kroner. Det er alltid farleg å seie kva det kan bety for norsk reiseliv, men det er klart det gir fokus på Noreg, sa Tuftin til Filmpolitiet.

Anmelding: Frost: – Flott Disney-versjon av norsk vinter

Golden Globe-utdelinga plar vere ein god peikepinn på kva filmar som seinare i året vinn Oscar. Frost vert sannsynlegvis presentert under framlegginga av Oscar-nominasjonane den 18. januar, og er no rekna som ein endå meir sannsynleg vinnar under Oscar-utdelinga den 2. mars.

Har du sett Frost? Kva synest du om det norskinspirerte miljøet?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.