Denne veka kjem Nina Bull Robsahm sin thriller til norske kinoar, eit prosjekt ho har arbeidd med i nokre år allereie. Allereie før den norske premiera er rettane for ein remake seld til Espen Sandberg og Joachim Rønning, regissørane bak Max Manus og Kon-Tiki, som håper å få regissere prosjektet sjølv.

For tida held dei på med forarbeidet på den femte Pirates of the Caribbean-filmen.

Amnesia er ein thriller som byggjer på eit veldig spennande konsept. Nini Bull Robsahm har skrive ei original og gripande historie – ei historie me meiner kan ha eit stort internasjonalt potensial, seier Rønning og Sandberg i eit presseskriv.

Anmelding: Amnesia: – Merkbar spenning mellom figurene

Den psykologiske thrilleren handlar om eit dysfunksjonelt par som reiser til ei avsidesliggande hytte.

Då Thomas (Christian Rubeck) får eit hukommelsestap etter ei ulukke, augnar Kathrine (Pia Tjelta) ein veg ut av forholdet. Skodespelarane sjølve er spent på nyhendet.

– Eg synest det er heilt fantastisk, seier hovudrolleinnehavar Pia Tjelta til Filmpolitiet.

– Spesielt for Nini er jo dette ein kjempesiger, at det visast interesse for hennar manus og filmar.

Anmelding: Hjelp, vi er i filmbransjen: – En uvanlig norsk film, og for meg, et deilig avbrekk

Håper på Michael Fassbender og Eva Mendes

Bull-Robsahm vart kontakta etter den første traileren vart vist i desember, og at ho etter den norske premiera skal reise til USA for å ferdiggjere avtala med Sandberg og Rønning.

– For meg er dette det beste som kunne hende filmen. Det har vore ein draum at nokon ville vere interessert i å lage ei nyinnspeling av den, og når det er to Oscar-nominerte regissørar, som attpåtil er norske, så er det jo heilt fantastisk, skriv ho i ei pressemelding.

Michael Fassbender og Eva Mendes i hhv. "Shame" og "The Place Beyond the Pines". (Foto: Arthaus og Scanbox)
Michael Fassbender og Eva Mendes i hhv. “Shame” og “The Place Beyond the Pines”. (Foto: Arthaus og Scanbox)

– Eg skjønar godt at dei fattar interesse for Amnesia. Ideen, figurane, det er originalt. Eg trur ikkje akkurat det er berre fordi dei får dårlege manus tilsendt seg. Så er det jo litt kult at det er gamle kollegaer av meg som vil regissere, seier Rubeck og visar til si rolle i Max Manus.

På spørsmål om kven dei to skodespelarane håper speler hovudrollene i ein eventuell remake – bortsett frå seg sjølv, sjølvsagt – svarar Rubeck først:

– Michael Fassbender, han kan spele meg.

– Eva Mendes kan få lov til å spele meg, seier Tjelta.

Les heile intervjuet: Trengde humorprosjekt etter dyster innspeling av «Amnesia»

Av norske filmar med Hollywood-remakes er nok Erik Skjoldbjærgs Insomnia best kjend, men fleire andre prosjekt er òg seld til USA dei siste åra. Produksjonsselskapet bak Amnesia har òg tillate ein remake av absurdhumorserien Hellfjord.

Amnesia får premiere den 10. januar.