Sidan publikumssuksessar som Harry Potter, Twilight og Hunger Games har ein knappast kunna gitt ut ei godt selgjande bok i den litt vage «young adult»-sjangeren – litteratur for ungdom og unge vaksne, sei 13 til 20 – utan å få kasta filmkontrakter etter seg.

Det har ført til enormt mange prosjekt dei komande åra som er basert på ungdomslitteratur av ulikt slag – anten det er bølgja av dystopiske bøker med unge heltar, eller litt meir kvardagslege hendingar.

Boktyven som kjem neste veke, om litterær glede under andre verdskrig, var ein openbar boblar, det same var komande The Giver – som har ei fantastisk rolleliste, og eit interessant premiss.

Me har vald å fokusere på filmar som kjem ut innan omlag eitt år, men det er ei rekkje filmar med planlagt dato utover 2015. For dei som er glad i sjangeren og temaa i ungdomslitteraturen er det mykje å ha forhåpningar til.


Seventh Son – Den siste lærlig. (Foto: SF Norge)
Seventh Son – Den siste lærlig. (Foto: SF Norge)

Seventh Son

Andreas: «Den sjuande son av den sjuande son» er – med unntak av eit Iron Maiden-album – eit gammalt folketru-begrep som tileigner nemnde son utrulege krefter av eit slag. Ei slik kraft er det Tom Ward har i boka The Spooks Apprentice.

Det viktigaste du treng å vite er: Jeff Bridges i hovudrolla som ein drakedrepande læremeister.

Då Filmpolitiet var på Comic-Con i 2011 var dette stort sett det einaste Torfin Borkhus fekk ut av paneldiskusjonen om denne filmen frå regissør Sergei Bodrov.

– Primært handlar filmen om Jeff [ler]… i rolla som ein eldre jegar på jakt etter sin gamle fiende. Jegaren treng ein ny lærling sidan alle hans gamle lærlingar er døde på grunn av risikoen jobben medfører.

Filmen skulle opphavleg ha premiere i 2013 – og er visst heilt ferdiggjort – men har blitt utsatt gang på gang, blant anna grunna at effektmakarane gjekk konkurs, og eit oppbrot mellom produksjonsselskapa som står bak filmen.

For tida siktar dei mot ei premiere heilt i byrjinga av 2015.


Liam Hemsworth (Gale) og Jennifer Lawrence (Katniss) i The Hunger Games: Catching Fire (Foto: Lionsgate).
Liam Hemsworth (Gale) og Jennifer Lawrence (Katniss), her i The Hunger Games: Catching Fire (Foto: Lionsgate).

Hunger Games Mockingjay – part 1

Andreas: Jennifer Lawrence held fram i hovudrolla som Katniss Everdeen, i den tredje filmen i serien basert på Hunger Games-bøkene. Her har produksjonsselskapet, som i den siste boka av Harry Potter og Twilight, vald å dele historia i to for å få plass til alt (og sikkert for å tene litt meir pengar).

I denne historia vert Katniss, som no har overlevd to av Dødsleikene – «gladiatorkampane» i det dystopiske landet Panem – ein symbolsk gallionsfigur for eit folkeopprør mot makta. Då Lawrence aller først høyrde at bøkene skulle bli filmar har ho uttalt at ho var skeptisk, men vart overtydd av produksjonsselskapet:

– Dei forstod at det ikkje er ei tøff historie; det er ikkje James Bond eller Lara Croft. Det er ei trist, trist, horribel omstendigheit.

Ho har òg kalla Suzanne Collins bøker viktig for den unge generasjonen, og har framheva parallellane til kvardagen vår der ein samlast rundt reality-TV-skjermen.

Så gjenstår det å sjå om dei klarar å halde fram under presset frå bokfansen, og gjere dette til fleire gode filmar. Den tredje filmen får Noregspremiere i november 2014.

Les også: «Hunger Games» slår «Twilight»-rekord


Maze Runner. (Foto: Twentieth Century Fox)
Maze Runner. (Foto: Twentieth Century Fox)

Maze Runner

Andreas: Ein dag våknar Thomas i ein heis, alt han kan hugse er namnet sitt. Når heisen stansar stig han ut i «The Glade», ein camp midt i ein gigantisk labyrint der unge gutar vert levert éin gong i månaden. Dei er visse på at det ein stad i labyrinten finst ein veg ut.

Boka av James Dashner kan minne om både filmen Running Man, med element frå andre gladiatorkamp-inspirerte bøker som Hunger Games og Battle Royale. Utan at det nødvendigvis er noko gale med det – det artige er i så fall korleis den skiljer seg frå dei andre.

I hovudrollene har Dylan O’Brien kjend frå Teen Wolf-serien, Thomas Brodie-Sangster frå Love Actually og Game of Thrones, og Kaya Scodelario frå den britiske tenåringsserien Skins.

Regissør er Wes Ball, som er eit forholdsvis uskrive blad i Hollywood, har tidlegare laga mange kortfilmar på internett – og vart plukka opp til dels på grunn av den dystopiske sci-fi-miljøet i Ruin.

Filmen har planlagd premiere 19. september 2014.

Det har ikkje kome ein filmtrailer for denne filmen enno, her er ein boktrailer.

Les også: Sjå mot internett


Divergent. (Foto: Nordisk Film Distribusjon AS)
Shailene Woodley spiller hovedrollen i Divergent. (Foto: Nordisk Film Distribusjon AS)

Divergent

Rune: Utgangspunktet for forteljinga i Divergent er til forveksling lik scifi-legenda Philip K. Dick Clans of the Alphane Moon frå 1964. Men kvifor ikkje hente inspirasjon frå ein meister når man først skal la seg inspirere?

I debutboka til Veronica Roth har framtidas innbyggarar i Chicago delt seg inn i fem grupperingar – kvar av dei hyllar fem ujamne menneskelege dydar: altruisme, fred, ærligheit, mot og kunnskap.

Stjerneskotet Shailene Woodley har rolla som den unge heltinna Beatrice «Tris» Prior. Woodley har for tida fleire spennande jern i elden (om du blar deg litt ned i denne lista, for eksempel).

«Tris» oppdagar at ho ikkje passer inn i nokre av dei fem grupperingane – og blir stempla som ein avvikar, eller ein som er «divergent». Og vips dukkar det opp ein skjult konspirasjon som boblar under overflata i det elles tilsynelatande perfekte samfunnet.

Science fiction-filmen med same namn er nå i etterproduksjon, med verdspremiere i Noreg 21. mars i år.

Les også: Shailene Woodley er på vår liste over Hollywoods nye stjerneskudd


«The Fault in Our Stars», eller «Faen ta skjebnen». (Foto: 20th Century Fox)
«The Fault in Our Stars», eller «Faen ta skjebnen». (Foto: 20th Century Fox)

The Fault in Our Stars

Andreas: Eg er ein stor fan av forfattar John Green – både bøkene, internettvideoane, og alle dei andre merkelege påfunna hans. The Fault In Our Stars, som i norsk omsetjing har fått den… mildt sagt fanomdiskuterte tittelen Faen ta skjebnen, er i full marsj på veg mot norske kinolerret.

Historia om 16-årige, kreftramma Hazel som ikkje er oppteken av å leve ut samfunnets tanke om kreftpasientar som ideelle mennesker – lukkelege, varme, personlegheiter er god i bokform. Håpet, som alle andre på denne lista, er at den òg kan leve ut potensialet på lerretet.

Også her er det Shailene Woodley som har hovudrolla, der ho spelar mot Ansel Elgort – eit anna spennande skodespelarnamn i åra som kjem. Regissør er Josh Boone, som hittil «berre» har skrive og regissert Stuck in Love.

Med alle dei andre storslåtte, episke eventyra på denne lista er det gøy at det er noko meir jordnært som toppar. The Fault in our stars får norsk premiere den 13. juni 2014.

Les også: Anmeldelse av boka «Faen ta skjebnen»

Det har ikkje kome ein filmtrailer for denne filmen enno, her er ein boktrailer.