Denne lista er direkte basert på ein tweet me fekk for nokre veker sidan. Ove Torheim-Sandvik sendte oss eit forslag til noko me kunne basere ei toppliste rundt, og me tok utfordringa.

«For ein idé!» sa me, og satte til verks. Som utgangspunkt ville me at regissøren skulle ha hatt minst 1-2 filmar me likte, men likevel vere under radaren for mange. Dette er ikkje ei rangert liste, meir eit knippe me hadde lyst til å trekkje fram spesielt.

Det er mange me kunne ha nemnd, men som etter kvart byrjar å bli litt for kjende. Lena Dunham med Girls og Rian Johnson med Looper og fleire innhopp i Breaking Bad er båe spennande, men kanskje litt for kjende etter kvart.

Ellers er det mange spennande me kunne tenkje oss å nemne, som Jeff Nicols (Mud), Cary Fukanaga (Sin Nombre), Andrew Haigh (Weekend), norske Eirik Svensson (En som deg, og komande Natt til 17.) eller svenske Ruben Östlund (Play, De ufrivillige). Joachim Trier har òg laga fantastiske Reprise og Oslo, 31. august – og hans samarbeidspartner Eskil Vogt regidebuterer med Blind i år. Til slutt endte me opp med desse tre.


Sarah Polley har regissert Stories We Tell (Foto: Arthaus).
Sarah Polley har regissert Stories We Tell (Foto: Arthaus).

Sarah Polley

Sarah Polley arbeidde i mange år som skodespelar, men regidebuterte i 2006 med Oscar-nominerte Away from her – ein flott film om livet med Alzheimers. Deretter kom Take this waltz i 2011, eit rikt romantisk drama.

I fjor laga ho dokumentaren Stories we tell om familien hennar – ei sterk og ærleg forteljing, som mange var overraska over at ikkje var nominert under årets Oscar-utdeling.

Polley er ein spennande regissør med eit godt blikk for forteljingar, som garantert kjem til å lage endå meir spennande i åra som kjem – både framfor og bak kameraet.

Anmelding: Stories we tell: – Sarah Polley utleverer sine innerste familiehemmeligheter


Shane Carruth vann juryprisen for «Primer» på Sundance-festivalen i 2004. (Foto: AP Photo/Douglas C. Pizac)
Shane Carruth vann juryprisen for «Primer» på Sundance-festivalen i 2004. (Foto: AP Photo/Douglas C. Pizac)

Shane Carruth

I 2004 debuterte Shane Carruth med tidsreisefilmen Primer, ein hjernetvistande science-fiction-film djupt foranka i det vitskapelege. Den kan vere forvirrande, men er eit interessant innblikk i eksperimentell ingeniørkunst.

Denne filmen var direkte årsak til at han i 2012 vart henta inn som tidsreisekonsulent på filmen Looper av Rian Johnson, ein anna interessant regissør.

Det tok mange år – kanskje til og med litt for mange – før hans neste film kom. I fjor fekk me servert Upstream Color, ein film om kjærleiken mellom mennesker infisert av ein hjerneparasitt – ei merkeleg, surrealistisk, gripande historie.


Regissør Derek Cianfrance. (Foto: Stephen Lovekin/Getty Images/AFP)
Regissør Derek Cianfrance. (Foto: Stephen Lovekin/Getty Images/AFP)

Derek Cianfrance

Derek Cianfrance braste inn på den internasjonale filmmarknaden med filmen Blue Valentine i 2011. Med eit rystande drama om eit forhold i oppbyggjing og oppløysing med Michelle Williams og Ryan Gosling i hovudrollene.

Gosling vart med han vidare til The Place Beyond the Pines, ein kritikk av den amerikanske draumen og skiljet mellom rett og galt. I eit intervju med Filmpolitiet uttalte Cianfrance at han har sett seg lei på filmar som opphøyer og romantiserar vald:

– Det kjennest ut som om ti tusen kuler vert sprøyta utover filmlerretet kvar dag og det er veldig sjeldan nokre av desse kulene får konsekvensar. Det er tre pistolskot i min film, og eg ville at dei skulle ha ein effekt – ein konsekvens.

The Place Beyond The Pines: – Levd liv, dyrekjøpte erfaringer og vonde feiltrinn


Kva regissørar synest du er mest spennande for tida?