Kor langt er du villig til å gå for den du elskar? Og når bør du berre gå? Den nye norske thrilleren Amnesia handlar om maktutøving i eit parforhold som har gått dukken. Hovudrolleinnehavarane Pia Tjelta og Christian Rubeck meiner at trass den psykologiske thrillernerven i filmen, vil det vere mange par som vil finne noko å kjenne seg att i.

– Det er jo dyster tematikk, kanskje, men det er eit driv i filmen og ein nerve i filmen, som gjer at det ikkje er tungt å gå inn i. Den er aldri keisam, seier Christian Rubeck.

– Forfattarparet Thomas og Kathrine dreg til ei hytte, der planen er at Kathrine skal ferdigstille romanen sin. Men så oppstår det ein «liten» krangel, som ender opp med at Thomas kjem ut for ei ulykke der han mister hukommelsen sin. Så vel Kathrine å ikkje fortelje han kven han er når han våknar.

Anmelding: Amnesia: – Merkbar spenning mellom figurene

Pia Tjelta og Christian Rubeck i "Amnesia". (Foto: Tappeluft Pictures)
Pia Tjelta og Christian Rubeck i «Amnesia». (Foto: Tappeluft Pictures)

Han beskriver sin figur som sjølvoppteken og usympatisk, i filmen er han ein krimforfattar som for lengst har slutta å skrive for skrivegleda si skuld.

Filmen oppstod frå regissør og manusforfattar Nini Bull Robsahm – som ville skrive ein film om kun to personar som er isolert frå omverda. Både Tjelta og Rubeck spela i hennar førre film, Hjelp, vi er i filmbransjen.

– Ho kom til oss med ideen for halvanna år sidan, og me har vore med på utviklinga, seier Tjelta.

– Me har jo kanskje litt meir å seie no, ettersom det ikkje akkurat er så veldig mange karakterar i filmen, seier Rubeck og viser til at dei er filmens to einaste skodespelarar.

Mykje ansvar å vere åleine framfor kamera

– Eg og Christian vart ekstremt avhengige av kvarandre, av å vere veldig trygg på kvarandre, stole på kvarandre, og vere villige til å gå langt både emosjonelt, psykisk og fysisk saman. Det var jo ei spesiell innspeling, og eit spesielt forarbeid på den måten at me eigentleg ikkje kjende kvarandre frå før, men vart tvungne til å bli veldig godt kjend på kort tid.

Med så få personar framfor kamera var det viktig for filmen at kjemien måtte stemme, og for å utvikle forholdet mellom skodespelarane tok dei i bruk ein skodespelarcoach, Pascal Luneau.

– Han blir sett på som ein slags fødselshjelp for karakteren, ein mann som ikkje les manus eller legg seg opp i noko av det som har med regi å gjere. Det var eit kjempeintenst og spennande arbeid som er veldig uvanleg i forhold til korleis me vanlegvis førebur oss, seier Tjelta.

Anmelding: Hjelp, vi er i filmbransjen: – Nini Bull Robsahm peker nese til filmhistorien

Tjelta og Rubeck i kalde omgivnader. (Foto: Tappeluft Productions)
Tjelta og Rubeck i kalde omgivnader. (Foto: Tappeluft Productions)

– Korleis held ein på ein slik driv gjennom heile filmen med berre to skodespelarar?

– Det må du ikkje få oss til å svare på, det er jo det me er livredde for! Det er det ansvaret me er redd for, svarar Tjelta raskt.

– Om du let den eine karakteren ville ta knekken på den andre og omvendt, så har du eit spenningsforhold som kan vare iallfall éin time, skyt Rubeck inn.

Amnesia var delvis innspelt på Slåtterøy fyr i Bømlo, og delvis på ei hytte utanfor Oslo. Dei to meiner det er mykje hjelp i å spele inn slikt utanfor studio.

– Det er så mykje ein ikkje treng å spele. Berre det å kome inn i ei dør, ein treng ikkje tenkje på skilnaden i tempo og måten ein pustar på og slikt. Det er mykje ein får gratis, som ein ikkje tenkjer på når ein gjer det på location. Sjølvsagt så er det ei utfordring for filmskaparane, det er ikkje alt ein kan kontrollere – som véret og støy og sånt – men eg føretrekker likevel å vere på location.

– Det vert meir autentisk enn det vert i eit studio. Me fraus mykje på Bømlo, men det var veldig vakkert der.

– Skodespelarar er opptekne av å utforske menneskesinnet

Allereie før premiera er manusrettane seld til Kon-Tiki-regissørane Espen Sandberg og Joachim Rønning, som håper å lage ein amerikansk remake av filmen.

Skodespelarane skryt av Robsahms manusarbeid, og skildringa av dei to sterke personlegdomane mot kvarandre. I eit forsøk på å skape ei nerve mellom dei, måtte dei kunne vente kva som helst frå kvarandre – valdelege utfall, om så måtte vere.

– Dette er sjeldant gode roller, roller med store spenn og store kontrastar og motsetningar i seg, som krev at ein tør å gå ganske langt. Det var sjølvsagt ei gåve å få i hendene. Så er det jo desto heftigare å utfordre noko å gjere òg, men det var spennande hovudkarakterar.

Les også: Pia Tjelta: – Eva Mendes kan få spele meg

Tjelta trur ikkje det er tilfeldig at dei båe to gjekk til humorprosjekt etter innspelinga av Amnesia – Rubeck til Kill Buljo 2 og Død snø 2, Tjelta til den svenske TV-serien Allt faller og Kaptein Sabeltann og skatten i Lama-Rama. Ho beskriver det som noko ho trengde etter denne filmen.

– Eg trur alle skodespelarar er opptekne av å utforske menneskesinnet, sånn psykologisk sett. Mange av både teaterstykker og filmar som er skrivne med heftige roller er ganske attraktive for skodespelarar å gjere, me vil jo helst pine oss sjølve så langt som mogeleg.

– Det er utruleg deileg, det er frigjerande med variasjon – å hoppe frå rolle til rolle og sjanger til sjanger er noko av det beste eg veit med jobben min, seier Rubeck.