Etter at HBO la frå seg tv-serien basert på Neil Gaimans American Gods i november i fjor, har det vore mange spekulasjonar rundt kven som skulle plukke opp igjen det ambisiøse prosjektet.

– Det er framleis ein American Gods-serie under arbeid, sa Gaiman på Reddit i november, og no visar det seg at det var FremantleMedia som ynskte å ta over adapsjonen.

Sentralt i historia er at gudar og mytologiske vesen eksisterer fordi folk trur på dei, og at immigrantane til «the American melting pot» i USA er gjenstand for ulike paranormale skikkelsar frå heile verda. Resultatet ein kamp mellom ulike fraksjonar – dei frå bibelsk tid, og dei meir moderne «gudane», teknologi, sex, og narkotika.

Forfattar og manusskribent Neil Gaiman. (Foto: Tim Mosenfelder/Getty Images/AFP)
Forfattar og manusskribent Neil Gaiman. (Foto: Tim Mosenfelder/Getty Images/AFP)

Boka har vunne fleire prestisjetunge prisar, som Hugo-, Nebula, og Bram Stoker-prisen, og har vore i ei eller anna form for tv-prosjekt sidan 2011.

Les også: 2011: – HBO er på Gaiman-frieri og skal være svært interessert i å lage en pilot av Gaiman-boka «American Gods»

Vidtomspennande prosjekt

Historia er vidtspennande, og neppe enkel å forklare visuelt, noko som skal vere noko av årsaken til at HBO la det frå seg. Det er ikkje klart enno kva kanal serien vil kome på etter kvart, men Gaiman er framleis med som utøvande produsent.

Prosjektet er framleis tidleg i prosessen, så det er eit godt stykke igjen til den eventuelt dukkar opp på TV. Men, det er lov til å håpe (at det framleis kan bli bra).

FremantleMedia lagar for tida blant anna scifi-serien The Tomorrow People for den amerikanske kanalen CW, i tillegg å stå bak fleire større realityseriar som Idol og X Faktor. Dei siste åra har dei lagt meir vekt på fiksjonsseriar, og lagar for tida òg ein remake av den franske «zombie»-serien Les Revenants (The Returned).

Ellers la Gaiman i dag ut ein bloggpost om at Anansi Boys skal bli ein miniserie på BBC, produsert av Red (Queer as folk, Bedlam). I januar snakka òg Joseph Gordon-Levitt om si mogelege filmatisering av Sandman.

Neil Gaiman står bak manus eller idé til filmar som Stardust og Coraline, og har skrive manus til blant anna Doctor Who og miniserien Neverwhere på midten av 90-talet (som seinare vart utvikla til boka med same namn).

Kven synest du burde spele i tv-serien av American Gods-prosjektet?