Sony Pictures er i avtalar om å kjøpe filmrettane til Erik Skjoldbjærgs film Pionér. Målet er ein film produsert av George Clooneys selskap Smokehouse, melder The Hollywood Reporter.

Den norske filmen kom ut i fjor, og handla om startfasen på det norske oljeeventyret på 80-talet. Ei ulukke på særdeles djupt vatn er sentralt for thrilleren, som Birger Vestmo beskreiv som troverdig, vakker og medrivande – dog ikkje heilt utan manglar.

I originalutgåva var det Aksel Hennie som spelte hovudrolla, men gjenskapingsprosjektet har enno ikkje fått knytta til seg verken manusforfattarar, regissørar eller skodespelarar.

Alltid flott. (Foto: John Shearer/Invision/AP, NTB Scanpix).
George Clooney under fjorårets Oscar-utdeling. (Foto: John Shearer/Invision/AP, NTB Scanpix).

Les også: Skjoldbjærg: – Vi leita etter det klaraste vatnet

Står bak «Argo»

George Clooney og Grant Heslov i Smokehouse gav nyleg ut filmen The Monuments Men. Dei stod i tillegg bak fjorårets Oscar-vinnar Argo, som var regissert av Ben Affleck.

– Dette er ikkje på noko måte eit talerøyr for den eine eller andre sida av nordsjødykkarsaka, men når ein tek opp eit tema som er så betant for både dykkarane og nasjonen, må ein gå inn og vere 100 % tru til verkelegheita som finst der, sa Hennie på Cannes-festivalen i fjor.

Det vert spennande å sjå korleis dette vert behandla av nokre som i utgangspunktet ikkje har det same forholdet til saka som her i Noreg.

Pionér vil ikkje vere den første av Skjoldbjærgs filmar som får amerikansk remake. I 2002 vart hans film Insomnia gjenskapt med Christopher Nolan som regissør, og Al Pacino, Robin Williams og Hilary Swank i sentrale roller.

Kven bør regissere ein amerikansk versjon av thrilleren? Skjoldbjærg, eller ein heilt anna regissør?