The Guardians of the Galaxy er her i sin første trailer. «Kven», spør du? Vel, det er litt av det traileren forsøker å forklare.

Marvels superheltunivers er stort og fullt av heltar i ulike valørar og styrker. Dei kosmiske forsvararane i denne filmen er nok blant dei mindre kjende, iallfall eit godt stykke bak folk som Iron Man og Captain America.

Men der The Avengers er kjend for å iallfall ta seg sjølv ganske seriøst, har Guardians of the Galaxy alltid vore eit mykje mindre seriøst teikneserieunivers – og traileren verker å gjenspeile dette godt, blant anna ved bruk av 60-tals-poplåta Hooked on a feeling.

Nye, ukjende superheltar

Filmen omhandlar det småmerkelege superheltlaget – beståande av mennesket Star Lord (Chris Pratt), Gamora (Zoe Saldana), Drax (wrestleren Dave Bautista), triggerhappy Rocket Raccoon (Bradley Cooper) og den treliknande Groot (Vin Diesel) – i deira jakt på ei mystisk kule.

– Han hadde ei vanskeleg oppvekst, og no flyg han rundt i verdsrommet og kliner med alienjenter og er ein kjeltring og litt dust – ved å bli med denne gjengen gir han seg sjølv eit mål i livet, har Pratt sagt om Star Lord – eit born av tidleg 80-tal, dratt ut til det ytre rom.

I teikneserieform har desse figurane eksistert sidan 2008 av Dan Abnett og Andy Lanning, som ei ny samansetjing av laget med same namn frå 60-talet.

Guardians of the Galaxy. (Foto: Marvel)
Guardians of the Galaxy. Frå venstre: Gamora, Rocket, Star Lord, Groot og Drax. (Foto: Marvel)

Politimannen som utforskar dei i traileren (blant anna John C. Reilly) er Nova Corps, ei intergalaktisk styrke som forsøker å passe på verdsrommet. Den øvste leiaren Rhomann Dey (Glenn Close) fekk me ikkje teken ein kikk på i traileren. Ronan the Accuser (Lee Pace), filmens hovudskurk, var også mistenkjeleg fråverande frå videosnutten.

Les også: Kven er Guardians of the Galaxy?

Vil det appellere til andre enn fansen?

Det første glimtet av dette universet fekk ein sjå på slutten av fjorårets Thor: The Dark World, der ein magisk gjenstand frå filmen vert satt inn eit gigantisk arkiv, beståande av samleobjekta til The Collector (Benicio del Toro) – som ein får eit kjapt glimt av her.

Filmen er regissert og skriven av James Gunn (Super, Slither), som er litt av grunnen til at eg har trua på at dette vert meir enn berre ein spektakulær actionfest. Greit, han skreiv manuset til den litt labre Scooby-Doo-filmen òg, men nokre feilskjær må alle ha.

Marvel tek nok ein liten risiko med å bringe såpass ukjende heltar til lerretet, som nok òg er årsaken til at dei nyttar såpass mykje tid på å forklare kven figurane er i den første traileren for filmen, som har planlagd premiere i august 2014.

(Sjå traileren ein gong til, men pause på dei ulike rulleblad-tekstane for litt ekstra morosamheiter.)

Les også: Bølgja av superheltfilmar er langt frå over

Før det kjem Captain America-oppfølgjaren Winter Soldier før 2015 vil bringe blant anna Avengers: Age of Ultron og Edgar Wright-regisserte Ant-Man.

Må ein vere fan av teikneseriene for å like denne – eller har den jamne kinosjåar trua?