Netflix slo hardt til med første sesong av House of Cards. Som den første sjølvproduserte dramaserien deira plukka dei ut regissør David Fincher, med Kevin Spacey i hovudrolla og det kyniske svarte politiske miljøet frå ein anerkjend BBC-serie.

Sjølv om sesongavslutninga på første sesong kanskje ikkje levde heilt opp til den veldig gode starten, så gjorde serien likevel veldig mykje rett – både før og etter premiera for om lag eitt år sidan.

Andre sesong startar med veldig mykje av det same som den førre gjorde det bra – og vidarefører grunnlaget det har sett som ein mørk og skarp tv-forteljing. Eigentleg kjennest dette mykje ut som andre del av første sesong.

Frank Underwood i "House of Cards". (Foto: Netflix)
Og ja, Frank snakkar framleis direkte til deg i kamera med jamne mellomrom. (Foto: Netflix)

Anmelding: House of Cards S01 E01-02: – Fantastisk Spacey

Magnetisk par

Den manipulerande sylvtunga Frank Underwood (Kevin Spacey) er på full fart inn i jobben som USAs visepresident – men finn ut at det er hakket vanskelegare å vere diskré i den utvida offentlegheita han no har tråkka inn i med kona Claire (Robin Wright), som på si side har andre problem å stri med.

Samtidig utforskar journaliststanden, gjennom blant anna Zoe (Kate Mara) og Lucas (Sebastian Arcelus), framleis kva som eigentleg hendte i første sesong.

Stemninga her er framleis den same. Opningsscena er nesten i overkant dramatisk for noko så kvardagsleg som det faktisk visar – ein joggetur kjennest meir som me følgjer haiar på jakt. Om ein kjøper denne atmosfæren er det mykje å glede seg over her. Dialogen er også denne gongen så skarp at den kunne ha kløyvd Washington D.C.s tunge politiske stemning i to utan særlege problem.

Robin Wright og Kevin Spacey er magnetiske saman, og gode kvar for seg. Figurane deira er òg nesten litt for skarpe så langt – dei treng ein ordentleg motstandar å bryne seg mot. Førebels er det litt for trygt, dei treng nokon som kan angripe tilbake – anten det er med deira eigne metodar, eller med eit nytt blikk.

Kate Mara til Filmpolitiet: – Det føltes ut som om vi lagde seks filmer på rad

«Deadlock» og andre aktuelle politiske tema

Manusforfattar Beau Willimon tek blant anna inspirasjon frå fjorårets «deadlock» i den amerikanske Kongressen, og tek politikken ut til eit større felt enn berre mellom enkeltpersonar. I hans Washington D.C. er det knappast ideologar igjen – berre folk som treng ei «bøtte med bacon» å ta heim til veljarane sine.

Det verkar som ein drøymesituasjon for han å kunne skrive eit manus som dette, House of Cards følest som ein utvida versjon av hans Maktens menn – med alle scenene han kanskje mana opp, men ikkje hadde plass til då.

Han tek også eit djupdykk ned i internett i år, eit subplott som kan bli spennande om han gjer det rett. Eller berre Swordfish om han gjer det feil.

House of Cards er glad i visuelle leik med ord og uttrykk. Anten det er eit par mansjettknappar som for alvor sementerer kva forkortinga i namnet til Frank Underwood står for (EFF YOU) – eller nokon som tek ein bit av medgjestens kake, for å vise at dei er i ferd med å ete seg inn på deira område. Det er fine visuelle triks i monn her, som kvar og ein på sitt vis styrker og set sitt mørke preg på serien.

Apropos ingenting: Temalåta til House of Cards er framleis ein liten genistrek. Den politiske marsjen med fanfaretrompetar øvst og ei mørk trugande basslinje langt under er ei god beskriving av serien som heilskap.

Melding: Maktens menn: – Dramatikken formidles via virkelighetsnære og troverdige situasjoner

Frank hugsar oss framleis

Om den første sesongen skreiv eg at Underwood var «The West Wings vonde tvillingbror». Der NBC-serien om president Bartlet av og til kunne male eit vel roseraudt bilete av amerikansk politikk og hestehandel, har House of Cards‘ sentrale par av og til eit motsett problem – det vert nesten, nesten, for mørkt og kalkulert.

Underwood møter politisk motstand som visepresident. (Foto: Nathaniel Bell for Netflix)
Underwood møter politisk motstand som visepresident. (Foto: Nathaniel Bell for Netflix)

House of Cards starta heile «det er ikkje 13 episodar, det er ein 13 timar lang film»-ordskiftet til Netflix. Det kjennest kanskje rart å kritisere førre sesong basert på hendingane i dei fire episodane eg har sett, men noko av dette burde kanskje ha vore avslutninga av første sesong.

Kevin Spacey til Filmpolitiet: – Kameraet veit ikkje kva det lagar

Nyleg vart det klart at sesong tre er på veg, og at Spacey framleis er med. Kva kan vere Underwoods neste bytte? Tek me steget ut i internasjonal politikk, eller kjem korthuset til å falle før det?

På sitt beste er House of Cards glimrande politisk drama, spesielt om du har sansen for manipulerande meisterhjerner. Nokre har reagert negativt på måten Underwood no og då bryt ut av skjermen og snakkar direkte til sjåaren, sjølv synest eg det er eit herleg grep som framleis held nerven i serien. Eg er med på laget til Frank inntil vidare, og eg er glad han ikkje har gløymt meg.

Anmeldinga er basert på dei fire første episodane av sesongen.

Kva synest du om Spaceys rolletolking?

Om SERIEN

House of Cards
  • House of Cards
  • Slippdato: 14.02.2014, på Netflix
  • Sesong: S02 E01-04
  • Regi: Carl Franklin m.fl.
  • Utgiver: Netflix
  • Originaltittel: House of Cards
  • Sjanger: Drama, TV-Serie