Sakte, men sikkert byrjar det å drype nytt om dei komande Star Wars-filmane. No skal skurken i den første filmen vere klar, ifølgje Variety som viser til kjelder i produksjonen.

Adam Driver er best kjend for si rolle som Adam i Girls, den brå og smått usympatiske kunstnaren som er kjærasten til seriens hovudperson, Hanna. Det vert nok ei litt anna rolle når han skal spele det som Variety omtalar som «ein skurk i Darth Vadersk ånd».

Me har tidlegare omtalt at Driver var aktuell, men at krasj med innspelinga av Girls hindra han frå å seie ja. Desse problema skal no vere løyst. Korvidt det betyr at Drivers rolle i tv-serien vert nedjustert vitast ikkje.

Jacen Solo i teikneseriene. (Foto: Dark Horse)
Jacen Solo i teikneseriane. (Foto: Dark Horse)

Om eg skal gjette har eg framleis trua på at han skal spele ein variant av Jacen Solo – Han Solos og Leias son, barnebarnet til Darth Vader – som i bøkene snur seg mot den mørke sida.

Les også: Star Wars-rykte

Ryktebonanza

Andre skodespelarar det har vore rykta om er Jesse Plemons (Breaking Bad), Hugo Weaving (Ringenes Herre) og Michael Fassbender (X-Men: First Class).

I helga gjekk det òg eit rykte om at Benedict Cumberbatch (Sherlock) og Gary Oldman (The Dark Knight) båe har blitt forespurt om den same rolla (må takast med eit busslast med salt) – Oldman har bekrefta at han har blitt kontakta tidlegare, Cumberbatch har stort sett spøkt det vekk.

Den einaste som er 100 % bekrefta for tilbakekomst i Star Wars Episode VII er astrodroiden R2-D2. Carrie Fisher har bekrefta at ho sjølv skal returnere som prinsesse Leia, men ho er ei lunefull dame som likar å leike med journalistar.

Filmen startar innspeling i Storbritannia i april. Det er venta fleire skodespelardetaljar etter kvart som me nærmar oss den tid. Dog, J.J. Abrams likar også å tulle med journalistar, og produksjonen på hans førre film Star Trek Into Darkness var også full av blindspor som spoilerhungrige fans fekk spekulere på.

Kva trur du om Adam Driver som «Star Wars»-skurk?