Det har liksom blitt ei sanning at gjenskapingar av gamle filmhistorier – såkalla remakes – er ein dårleg ting. Det er sjølvsagt ikkje sanninga, men me kan forstå reaksjonen – for det finst absolutt dårlege nyskapingar av gamle historier.
Neste veke kjem ei oppdatering av Robocop, med svenske Joel Kinnaman i hovudrolla, som det er knytt mykje forventningar til. Positive eller negative, den kjem uansett kva ein synest. I den samanhengen har me samla både dei verste og beste remakes.
Gjenskapingar av filmar er på ingen måte ein ny ting. I 1903 kom storfilmen The Great Train Robbery, som for si tid var revolusjonerande med tanke på ei faktisk historie. Faktisk var den så populær at det året etterpå vart laga ein ny versjon av same historie – den var ikkje like god.
Deretter har det gått i bølgjedalar, og anten grunnen har vore for å få det på andre språk – som i tilfellet med Olsenbanden-filmane – eller i trua på at ein kan gjere det betre i ein oppdatert versjon – som i Scarface, så har det hendt i over eit århundre allereie.
Det er mange boblarar her, blant dei beste filmane finn ein Dawn of the Dead, Oceans 11, Hairspray og nemnde Scarface. På den andre sida av skalaen finn ein Planet of the Apes, The Fog og dei nye Pink Panther-filmane.
Men dette er dei filmane me synest er best – og verst – blant filmgjenskapingane.