Engasjementet rundt norske fiksjonsseriar har aldri vore større. I den anledning har NRK tromma saman ein fagjury som skal kåre den beste norske tv-serien frå 2000 og fram til no. I dag skal 6.-plassen avslørast.

  • Juryen
  • Juryformann Ulrik Eriksen, Morgenbladet
  • Mikael Godø, Dagbladet
  • Cecilie Asker, Aftenposten
  • Terje Eidsvåg, Adresseavisen
  • Aksel Kielland, frilansskribent
  • Birger Vestmo, Filmpolitiet
  • Anne Gjelsvik, filmprofessor ved NTNU
  • Audun Engelstad, førsteamanuensis ved Filmskolen i Lillehammer
  • Gry Rustad, stipendiat av IMK ved universitetet i Oslo
  • Andreas Iversen, mastergrad i norske og danske tv-seriar

– På den endelege lista er det lite drama, ikkje så veldig mange som når opp med nokre unntak. Det seier vel òg at nivået på humor er høgt i Noreg, og dramaet kanskje ikkje er like anerkjent, seier juryformann Ulrik Eriksen frå Morgenbladet.

Saman med ei rekkje norske tv-tenkjarar har han gått gjennom tv-seriane dei siste åra, og gjennom fleire rundar har dei komt fram til ei topp 10-liste dei kunne einast om.

– Det var nokre ting eg ikkje hadde sett tidlegare. Eg er positivt overraska, blant anna av Torpedo som eg hadde gått glipp for seks-sju år sidan. Det er ein usedvanleg tett og gjennomført thriller, som klarar å balansere fleire ting på ein gong, seier han.

Sidan den 6. mars har me sleppt éin tv-serie om dagen. Den 13. mars vil så topp 3 bli vist fram på Filmbonanza torsdag kveld, og på nett her hjå Filmpolitiet. I tillegg til jurylista har me hatt ei publikumskåring hvis resultat vil bli avslørt same dag.

Les også: – Første som slår meg er at det er laga langt fleire tv-seriar enn eg kan hugse!

(Jurybegrunninga finn du under biletet.)

Aksel Hennie og Jørgen Langhelle i "Torpedo". (Foto: Norsk filmproduksjon AS/TV)
Aksel Hennie og Jørgen Langhelle i “Torpedo”. (Foto: Norsk filmproduksjon AS/TV)

5. Torpedo

Norsk Filmproduksjon AS, 2007

Torpedo er laga av mykje det same mannskapet som laga Noregs Oscar-kandidat i 2002, Tyven, tyven. Ein thrillerserie satt i Oslos hardaste miljø, med Jørgen Langhelle i spissen.

Dei fire episodane gjekk på TV2 i februar 2007, og fekk terningkast 5 av blant anna VG, Bergens Tidende og Aftenposten. Dette var også Aksel Hennies første store tv-rolle.

Juryens begrunning:

«Torpedo» er thrilleren som alle norske TV-serier og filmer i sjangeren bør strekke seg etter. Trygve Allister Diesen regisserte denne miniserien (190 minutter) som gikk på TV2 i 2007 og Jørgen Langhelle spiller Terje, en Oslo-torpedo med rykte som diskré og effektiv.

Trøbbelet oppstår når han prioriterer datterens bursdag og sender Sebastian (Aksel Hennie) på en enkel jobb. Serien har en mørk, gjennomført tone og rollefigurene er så tydelig utformet at spenningen holder hele veien.

Jurymedlem Mikael Godø

– Det morosame med Netflix er at ting får eit lengre liv

Etter Tyven, tyven i 2002 hadde regissør Trygve Allister Diesen ideen til ein ny spelefilm, men historia han hadde sett for seg var for stor til ein film.

– Så gav eg opp, førsteakten i manuset vart for lang uansett kva eg prøvde. Men då eg forsøkte å gjere førsteakt om til første episode i ein TV-serie, funka det. Så eg fordelte historia mi på fire episodar. Eg trakk inn to andre – Knut Kristiansen og Kjersti Ugelstad – så skreiv me ut episodane.

Regissør Trygve Allister Diesen. (Foto: Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX)
Regissør, idéskapar og manusforfattar Trygve Allister Diesen. (Foto: Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX)

Kristiansen hadde arbeidd med han på Tyven tyven, og Ugelstad på Hotel Cæsar som Diesen regisserte mykje av på den tida. Regissøren tok med seg store delar av mannskapet bak Tyven, tyven, inkludert skodespelar Jørgen Langhelle, og laga serien for TV2.

Serien vart ein suksess, og fekk god kritikk og gode sjåartal. Den gjorde òg norsk historie då den vart den første norske tv-serien som vart sertifisert som offisiell norsk kandidat til Emmy-prisen. Diesen synest serien held seg godt, òg i dag – og han får framleis tilbakemeldingar på den snart sju år gamle serien.

– Den er jo mørkare og mykje hardare enn ein del seriar på den tida. Sånn sett er det nærare opp til dagens tv-marknad. Folk ser den opp igjen, den ligg jo på Netflix, og gikk nettopp på TV2. Eg får ikkje så mykje tilbakemeldingar som før, men likevel jamnleg – spesielt at det er godt norsk skodespel. Det er jo morosamt med Netflix at ting får eit lengre liv, seier han.

– I tillegg sirkulerar Torpedo i Los Angeles. Seinast førre veke ringde ein amerikansk produsent som hadde sett serien. Det skjer stadig. Eg jobba òg tidlegare med HBO i eit års tid, dei likte den og vurderte remake, men det vart diverre ikkje noko HBO-serie.

Anmelding: Det tredje øyet S01 E01-02 + 05: – Prøver å være annerledes

Diesen og Ugelstad er igjen aktuelle med Det tredje øyet, TV2-vårens store krimsatsing. Diesen tok med seg mykje lærdom til denne tv-serien.

– Ein ting var å skrike høgt når underteksten kryp inn i teksten, altså når dialogen er for forklarande. Det lukkast me med på Torpedo, og det ville eg ta med på Det tredje øyet. Samtidig fekk me kritikk den gongen for at dialogen var vanskeleg å høyre. Denne gongen fekk dialogen alltid førsteprioritet i lydmiks. For å vere heilt sikre, teksta me.

– Og vips, så skjønar folk kva som blir sagt. Det var nyttig lærdom.

I går vart Borettslaget kåra til 6.-plass, i morgon får du vite kva 4.-plassen er!

KVA SYNEST DU OM «Torpedo»? DEL DI MEINING I KOMMENTARFELTET: