Etter at Trolljegeren vart ein suksess i 2010 har regissør André Øvredal vore aktuell for mange ulike nerdeprosjekt. Eit av dei første var adapsjonen av teikneseria Enormous, som no byrjar å nærme seg internettskjermar rundt om i verda.

Øvredal trakk seg frå regiansvaret på serien i fjor, men han har blitt igjen i ei produsentrolle i tillegg til å skrive manus på pilotepisoden (som ein kan sjå klipp frå i den første teaseren).

I Enormous må menneska overleve i ei verd overrumpla av gigantiske insekt, eit resultat av genforsking-gone-bad. Første episode er satt etter E Day, dagen då monstera inntok verda.

Les også: Andre Øvredal lager monsterfilm av «Enormous»

Neste film ut er småbythiller med Martin Sheen

Serien var først tiltenkt som eit stort transmedialt prosjekt som skulle spenne frå film til tv til nett, men etter kvart er det nettunderhaldningsportalen Machinima (Halo: Forward until dawn og ei rekkje andre spelrelaterte seriar) som har kjøpt prosjektet.

Andre Øvredal før premieren på Trolljegeren. (Foto: Gorm Kallestad / Scanpix)
André Øvredal før premieren på Trolljegeren. (Foto: Gorm Kallestad / Scanpix)

Adrian Askareh, som òg har arbeidd med filmatiseringa av Deus Ex-spela, er produsent, medan BenDavid Grabinski er regissør på serien, som i all hovudsak er rollesett av ukjende andlet.

Pilotepisoden av Enormous dukkar opp den 20. mars.

Anmelding: Trolljegeren: – En ny norsk filmklassiker er født!

Øvredals neste prosjekt er filmen Autopsy of Jane Doe, om ein far (Martin Sheen) og son, som båe arbeider i eit likhus – og som ein dag får inn eit uidentifisert lik som fører til opprullinga av mange hemmelegheiter i den vesle byen dei bur i.

Samtidig som at Øvredal fekk endå eit teikneserieprosjekt på hendene – agentserien Ghost Projekt – vart det kjend at ei amerikansk gjenskaping av Trolljegeren er på veg, frå Game of Thrones-regissør Neil Marshall. Den har ikkje fått noko premieredato enno.

Kva trur du om teaseren for «Enormous»? Legg att di meining i kommentarfeltet!