Gjenstarten av Turtles-universet har fått mykje motgang. Først var nyheita om at Michael Bay skulle produsere filmen om dei kampsporthabile skjelpaddene. Så vart det kjend at heltane verken skulle vere «teenage» eller «mutant», men i staden kome frå verdsrommet.

Noko vart heldigvis endra, og etter at filmen i fjor vart utsett til seinare i år, er no den første traileren for filmen her.

Min første reaksjon:

Det tek ei lita stund før traileren skil seg frå kva som helst anna storbudsjettsactionfilm.

Trass at dette openbart er ein film som Michael Bay har hatt fingrane med i spelet på, så er då dette fullstendig leveleg inntil vidare, er det ikkje? Alle spor av Leonardo, Donatello, Michelangelo og Raphael som romvesen er vekke.

I staden er det businessmannen spela av William Fichtner (Armageddon, Black Hawk Down) – som seinare i filmen skal bli superskurken Shredder – som har skapt dei som samfunnsryddande heltar saman med April O’Neil (Megan Fox) sin far.

Ninja Turtles. (Foto: United International Pictures)
Ninja April O’Neil i 2014-versjon har eit mindre kamera, men framleis gul jakke. (Foto: United International Pictures)

Les også: Han er Turtles-læremesteren i den kommende filmen

80-talsnostalgi?

Som eit tilbakekall til 80-talsfilmane og -seriane besvimer April O’Neil då ho møter karate-amfibiene for første gong – dette har ho faktisk gjort i så godt som alle versjonane av TMNT sidan starten. Kjennest dåninga litt gamaldags i 2014? Kanskje.

– Me ville verkeleg underhalde og ha det gøy med filmen, seier manusforfattar Andrew Nemec til Coming Soon, som seier at målet var å unngå å kopiere «mørk gjenskaping» på måten Batman har fått det i Dark Knight-trilogien.

– Eg trur me balanserar – me lever – på ei veldig tynn linje i denne filmen, mellom action som kjennest ekte, men også moro og eventyrlyst. Det er aldri mørkt på ein måte som får deg til å hoppe i stolen eller gjere deg skremt.

Våre fire kloakkhoppande heltar er spelt av Alan Ritchson (Hunger Games: Catching Fire), Noel Fisher (World Invasion: Battle Los Angeles), Jeremy Howard (Grinchen) og Pete Plozek (Shameless). Læremeisteren Splinter, som me enno ikkje har fått teke ein kikk på, får stemma si frå Danny Woodburn (Seinfeld).

Det er Jonathan Liebesman (World Invasion: Battle Los Angeles, Wrath of the Titans) som regisserar filmen.

Ninja Turtles får norsk kinopremiere 22. august i år. Kva synest du om traileren?