Årets Amandusfestival går frå 8. til 10. april. Festivalen er Noregs største fest for unge filmskaparar, og eit av høgdepunkta er prisutdelinga som heidrar dei beste av dei innsendte filmane. Også i år kan du vere med å stemme fram publikumsprisen.

Frå seks ulike kategoriar er det éin film som skal plukkast ut av Filmpolitiets lesarar, og delast ut av filmpolitigeneral Birger Vestmo. Festivalleiar Stine Marie Solem meiner festivalen er viktig for det unge filmmiljøet i landet:

– Gjennom møter med den profesjonelle filmbransjen får dei oppleve at film ikkje berre er underhaldning og ein hobby, men eit oppnåeleg yrke – og at det er mange som deler same interesse og engasjement.

Blant vinnarane oppgjennom åra finn ein Ulrik Imtiaz Rolfsen (Izzat), som tidlegare har takka festivalen for å gi han eit «tupp i ræva» når det gjald filmkarrieren. Hans film Ensom verden vann pris på festivalen i 1990.

Birger trur det er fullt mogeleg at me får sjå fleire av årets nominerte i norsk filmbransje om nokre år.

Einhjørningar som angrip med regnboger? Jepp!
Einhjørningar som angrip med regnbogar? Jepp!

– Men det krev at ein satsar for å utvikle talentet. Alle må starte ein stad, og då er ikkje Amandus den verste staden å byrje.

Vidt spekter

Årets filmar inneheld alt frå skisport og bisarre animasjonar, til thrillerar og dokumentarar om psykisk helse. Spennet er vidt i utveljinga til Amandusprisen.

– Det gir dei unge filmskaparane noko å strekke seg mot. Filmane vert vurdert av ein jury med fagleg tung bakgrunn frå filmbransjen, og dei unge filmskaparane veit at filmane deira vert tekne på alvor hjå oss, seier Solem.

Ho gler seg til å sjå meir frå dei unge filmskaparane. Vestmo trur at prisane kan vere ei god oppfordring til gryande auteurar, regissørar, manusforfattarar, fotografar, klipparar og lydfolk:

– Ein Amanduspris kan bekrefte at ein gjer noko som er bra, og gi sjølvtillit til å våge seg på nye utfordringar.

Amandusprisutdelinga vil gå føre seg den 10. april, og kan sjåast på nettsidene til Amandusfestivalen. Avstemminga på publikumsprisen vil gå frå i dag – finn din favoritt like under, og stem i veg!

Se alle kortfilmene her

Du bestemmer hvem som vinner publikumsprisen. Se filmene og stem på din favoritt!

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.