Vekas Filmbonanza handlar om menneske som får filmar og seriar basert på sitt eige liv, blant anna Piper Kerman i Orange is the new Black og mannen som Johnny Depps rolle i Donnie Brasco er basert på. Men den premiereaktuelle filmen Elsk meg er også eit eksempel på denne typen historier.

Det heile starta med eit tilfeldig møte på gata i 2010. Regissør Hanne Myren møtte Julia Wildschut på gata i Oslo, og byrja å spørje ho om livet hennar, og kjærasten Ahmed Wasty.

– For å vere heilt ærleg, me vart ikkje kjend slik vanlege kjæraster blir kjend med kvarandre. Heile starten av forholdet vårt har vore ein film, så det har vore som ei Disney-greie, seier Wasty til Filmbonanzas Hanna Skrikerud.

Intervju med «Orange is the new black»-skaparen: – Piper Chapman er ikkje Piper Kerman

Saman med Wildschut har Wasty debutert i filmen Elsk meg, som er basert på deira eiget forhold. Eit forhold som vart til medan filmen vart innspelt.

– Plutseleg kjem eit filmteam heim til oss i ei lita leilegheit, og så er det kvardagen vår – plutseleg, seier Wildschut.

I filmen har dei andre namn – Maria og Adam – men figurane er knytt tett opptil deira eigne personlegheiter. Av og til litt for nærmt, ifølgje hovudpersonane sjølv.

– Eg kunne jo vere veldig sint på Achmed i fleire dagar for ting han gjorde framfor kameraet. Men etter nokre dagar så tenkte eg ‘Ånei, det gjorde han på film’. Det var veldig.. det var vanskeleg.

Petrus Wildschut og Julia Wildschut som far og datter i Elsk meg (Foto: Øystein Mamen/Motlys/Norsk Filmdistribusjon).
Petrus Wildschut og Julia Wildschut er far og datter – og spiller også far og datter i «Elsk meg» (Foto: Øystein Mamen/Motlys/Norsk Filmdistribusjon).
Endra fokus undervegs

Etter kvart kom det fram at Julia hadde eit uløyst problem, som endra premisset for filmen ganske drastisk. Det som gjorde vondt i Julias liv var faren. Filmen skulle vere ei historie om ung kjærleik, men flytta etter kvart fokus.

Regissør Hanne Myren skreiv difor inn ein konfrontasjon med faren – som er spelt av Julias eigentlege far, Petrus Wildschut.

– Pappa har alltid vore nummer éin, så det er vel difor eg alltid har teke det tungt i barndommen når han melder seg ut, seier Wildschut.

– Det er jo vondt å høyre kva far min seier i filmen, men eg forstår det. Det var hans behov.

Anmelding: «Elsk meg»: – Improvisasjon skaper en følelse av dokumentarisk troverdighet

Ho meiner at ho gjennom filminnspelinga har fått ei slags avslutning på historia – men at det framleis er litt vanskeleg at folk får mogelegheita til å sjå hennar liv på denne måten.

– Det tok 20 år før eg turte å kjenne på kjenslene Hanne tok ut av meg. Men eg kunne gått ha unngått at heile Noreg skulle få sett det. Eg har jo fått bearbeida det medan me filma. Men det er bra òg. Det er bra for andre.

Filmbonanza går onsdagar 20.55 på NRK2. Denne gongen handlar det om dei som får fiksjonsunderhaldning basert på sitt eiget liv.