OPPDATERT: I anledning at fantastiske South Park i kveld starter på sin 20. sesong, plukker vi fram denne listen over våre favorittepisoder. Se gjerne alle fem, et perfekt vorspiel til kveldens sesongpremiere på Comedy Central kl 22:20.

Trey Parker og Matt Stone har skapt den gale verda i South Park sidan 13. august 1997. Dei fire skuleborna Kyle, Stan, Eric og Kenny har vore gjennom 17 sesongar, og heile 247 episodar, med galskap, samfunnssatire og prompespøkar.

Neste veke kjem rollespelet South Park: The Stick of Truth, og i den samanheng ville me finne våre favorittar blant dei 247, som ei slags oppladning til spelet – som verkar å ha lyst til å sjokkere like mykje som serien har gjort i snart 17 år.

South Park-skaparane Trey Parker (t.h.) og Matt Stone. (Foto: AP Photo/Chris Pizzello)
South Park-skaparane Trey Parker (t.h.) og Matt Stone. (Foto: AP Photo/Chris Pizzello)

Les også: Konsollversjonen av «South Park»-spel sensurert i Noreg

Redaksjonen har stemt over alle episodane, og komt fram til våre favorittar. Lista vår består av fem episodar, men det finst eigentleg litt for mange knallhistorier til å kunne nemne alle.

Nokre av boblarane i samlinga vår er blant anna Passion of the Jew, Cartman joins NAMBLA, The Wacky Molestation Adventure, Hell on Earth 2006 og sjølvaste Casa Bonita. Fantastiske episodar, men dei nådde altså ikkje heilt opp.

I tillegg vil eg gjerne heidre pilotepisoden, Cartman gets an anal probe. Aldri før har vel ein tv-serie satt universet sitt så kraftig i ein førsteepisode som med desse 22 minutta.


Over Logging (S12E06, 2008)
Over logging. (Foto: Comedy Central)
Familien Marsh pakkar saman liva sine i jakta på det bortkomne internettet. (Foto: Comedy Central)

Kva hender når menneskeheita mistar sin viktigaste ressurs, og samfunnet endar i oppbrot? Kva surrogat, erstatningar og menneskelegheit kan ein finne når vårt viktigaste bindeledd sviktar, når mørtelen i samfunnet vert vaska ut mellom sprekkene?

– We’re heading out California way. Looking for some internet.

Parker og Stone beskriv verda gjennom ein Vredens druer-pastisj, om korleis me ville ha takla det om sjølvaste INTERNETT blir borte. Satire er på sitt beste når ein har skuldkjensle samtidig som ein ler hardt – og eg kjenner meg kanskje litt for godt igjen her.


Christian Rock Hard (S07E09, 2003)
Christian Rock Hard. (Foto: Comedy Central)
Eric Cartmans kristne rockegruppe, Faith +1. (Foto: Comedy Central)

Eric Cartman skapar splid i venegjengen med sitt ikkje akkurat rettskafne krosstog for å bli rik. Denne gongen utnyttar han gode kristnes kjærleik for religiøs rockemusikk – og bytter blant anna ut ordet «baby» med «Jesus» i kjende poplåtar for å tene store pengar.

– You don’t even know anything about Christianity!
– I know enough to exploit it.

Dette er også South Parks oppgjer med store musikarars enorme protestar mot piratnedlasting. Parker og Stone har sjølv teke eit liberalt standpunkt mot gratis nedlasting på nett, og har sjølv teke initativ til å legge ut alle sesongane av tv-serien gratis på nett.


Trapped in the closet (S09E12, 2005)
Trapped in the closet. (Foto: Comedy Central)
R. Kelly forsøker å hjelpe ei rekkje andre Hollywood-scientologar ut av eit skap. (Foto: Comedy Central)

Det visar seg plutseleg at Stan er ein gjenfødd L. Ron Hubbard, den avdøde grunnleggjaren av scientologien. Resultatet er herjing med den omstridte kyrkja si framferd, som får mykje kritikk for sine rekrutteringsmetodar og kommersielle drift.

Fleire av scientologi-kjendisane får gjennomgå, blant anna R. Kelly, John Travolta, og Tom Cruise – som visstnok skal ha krevd at episoden aldri fekk gå i reprise igjen.

– Dad! Tom Cruise won’t come out of the closet!

Episoden førte til at stemmeskodespelaren bak Chef – Isaac Hayes, soulsongar og Hollywood-scientolog – slutta serien i protest. Figuren hans var med i éin episode til, der tidlegare innspelte replikkar vart klipt saman før Chef døydde på groteskt vis.


Make love not Warcraft (S10E08, 2006)
Make love not warcraft. (Foto: Comedy Central)
«Hardtrening». (Foto: Comedy Central)

I forkant av denne episoden gav Blizzard, utviklarane av World of Warcraft, Parker og Stone fri tilgang til spelmotoren for å lage eit eventyr sett i Azeroth. Gutane legg seg i «hardtrening» for å stanse ein allmektig WoW-spelar.

– Gentlemen, this could very well lead to the end of the world… of Warcraft.

Serieskaparane skal ha vore overraska over fridomen dei fekk til å drive gjøn med verdas største onlinerollespel, og klarar på sitt vis å vere presise og skarp i kritikken, med ei viss omtanke for materialet.

Historia tullar høgt og lågt med spelkultur og spelarar, og går langt i sin hyllest (og latterleggjering) av MMORPG-spel og menneska som befolkar dei virtuelle verdene. Eit slags kjærleiksbrev.


Scott Tenorman must die (S05E04, 2001)
South Park - Scott Tenorman Must Die. (Foto: Comedy Central)
Eric Cartman trenar ein ponni til å gjere unemnelege ting. (Foto: Comedy Central)

Eric Cartman er ein kødd. Ein bortskjemt, vondskapsfull, bedriten, utspekulert skjødehund som ikkje let noko stå i vegen om han har eit mål for augo. Og det er difor me elskar han.

Når skulebølla og åttandeklassingen Scott Tenorman svindlar Cartman for småpengar, svergar verdas verste barneskuleelev til hemn. Scott Tenorman må (tydelegvis) dø.

They may take our pride, but THEY MAY NEVER TAKE MY GODDAMN $16.12!!!

Einsynt – jo, kanskje, men episoden ender opp med å vise kor machiavelliansk Cartman faktisk kan vere i Stone og Parkers penn. Med den rette innstillinga er avslutningsscena grunn nok til å seie opp medlemsskapet på treningssenteret – etter å ha sett denne episoden kunne eg raspe ost på magemusklane mine.

Åja, og så er Radiohead med – i ei av seriens betre kjendisbiroller. Fordi dei har slikt å gjere!

Kva er din favorittepisode av «South Park», og kvifor?
Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.