TV-seriar om komikarar som speler ekstreme versjonar av seg sjølv har plaga mediet i årevis, og verka omtrent å vere halve TVNorges serietilbod på eit eller anna tidspunkt. Alle elsker Raymond, Kongen av Queens, 30 Rock, Seinfeld (som kanskje er den mest suksessrike av alle), og så vidare, lot folk hente sine standup-tema inn i ein konstruert kvardag – med varierande grad av hell.

Lady Dynamite er den siste i rekkja av dette, og sjølv om Maria Bamford forsøker – og tidvis klarer – å leike med klisjeane som denne versjonen av sitcoms har skapt er den for sjølvoppteken til å rotfeste seg.

Maria Bamford speler Maria Bamford, ein knirkete standupkomikar og stemmeskodespelar som plukkar opp igjen karriera si etter å ha hatt eit nervøst samanbrot på scena (basert på ei faktisk hending). Ho får lage sin eigen komiserie basert på seg sjølv, og brukar den til å surrealistisk framheve eigne tankar rundt Hollywood, parkbenkar, mental helse og… vel, sitcoms.

Anmelding: Unbreakable Kimmy Schmidt: – Fortsatt morsom, søt og sjarmerende

Maria Bamford i Lady Dynamite. (Foto: Netflix)
Maria Bamford som den litt meir stusselege versjonen av seg sjølv. (Foto: Netflix)

Etter fjerde sesong av Arrested Development gjekk på Netflix, hyra strøymetenesta serieskapar Mitch Hurwitz for å utvikle nye seriar. Lady Dynamite er ein av desse (Flaked er den andre), og den følgjer litt i same spor som Arrested Development – surrealistisk og overdriven, og full av bittesmå detaljar og eit tonn med kjendisinnhopp.

Så har då også Bamford spelt ein figur i nettopp Arrested Development tidlegare, saman med ei rekkje andre såkalla «alternative komikarar» – nokre av desse dukkar opp her også. Manuset til Hurwitz og Pam Brady (South Park) gir mykje rom til dei mange andleta som viser seg.

Lady Dynamite er eit slags oppkok av Bamfords tidlegare karriere, blant anna The Maria Bamford Show, ein serie semi-sjølvbiografiske nettvideoar på rundt 5 minutt. I ei meir konsentrert form, der ho speler absolutt alle roller sjølv, er det ikkje vanskeleg å skjøne at livet hennar er problemfylt og underhaldande stoff, lo-fi til trass.

Les også: Mitch Hurwitz: – Eg likar ideen om å leike med formatet

Lady Dynamite er som dette, men satt ut til rundt halvtimes lengde, og med betrakteleg betre produksjon. Dei audiovisuelle verkemidla er mange, og passar godt til Bamford (og Hurwitz?) sin type komikk – det bisarre og absurde kjem godt fram i både lyd og bilete.

Serien vekslar hardt og kjapt mellom ulike røynder, på den eine sida er den delt i to mellom «Present» der manierte Maria igjen byggjer karriera si etter Hendinga, og «Past», der ho bur heime hjå foreldra sine og rehabiliterast på ein institusjon etter samanbrotet. I tillegg er det eit ekstra lag her, når den fjerde veggen tidvis fell ned og hennar medspelarar midt i ei scene kan byrje å diskutere om manusvalga hennar er riktige for serien.

– Du kan ikkje ha stand-up i serien din, seier Patton Oswalt – som sjølv var med i Kongen av Queens – etter å ha brote vekk frå ei rolle som vektar. Han kritiserar det klisjéfylte valget, før figuren hans sjølvsagt blir nøydd til å halde stand-up på scena sjølv.

Anmelding: Galavant: – Sjølvironisk til fingerspissane!

Maria Bamford i Lady Dynamite. (Foto: Netflix)
Bamford med sin surrealistisk overfladiske Hollywood-karikatur av ein agent. (Foto: Netflix)

Historia har vanskar med å trekke hovudet ut av si eiga Hollywood-ræv – og brukar mykje tid på å måle berømmingsfabrikken som eit helvete av inkompetente og rare menneske. Det tek litt tid før serien finn seg sjølv, rundt tredje episode byrjer den å få fotfeste, og tek seg rom til å seie noko i forvirringa.

Lady Dynamite kjennest som ein slags arv etter Curb your enthusiasm, kryssa med metahovudet til Arrested Development og den splitta personlegdomen frå Unbreakable Kimmy Schmidt.

Kanskje unntak av den paniske stilen, er sjølve materialet noko som har blitt gjort artigare ting med før – og parodien på parodien på parodien av sjølvbiografiske sitcoms er ikkje sterk nok.

For fans av Bamford og hennar årelange undergrunnskarriere er det derimot mykje å bite i her. Serien strålar tidvis, spesielt i ein del figurvalg og situasjonane desse er satt i, men i dei fire første episodane er det ikkje nok til å skilje Lady Dynamite frå sjangeren ho gjer narr av.

https://www.youtube.com/watch?v=1gSxKR0Cirs

Om SERIEN

Lady Dynamite
  • Lady Dynamite
  • Slippdato: 20.05.2016
  • Utgiver: Netflix
  • Serieskaper: Pam Brady
  • Sjanger: Komedie