Etter gjennombrotet som Daenerys Stormborn i Game of Thrones prøver Hollywood sitt beste for å finne neste stoppestad for Emilia Clarke. Blant anna ei actionrolle i 80-talsoppfriskinga Terminator: Genisys som aldri heilt tok av. No er det eit nytt forsøk, eit romantisk drama av Jojo Moyes står for dør.

Will Raynor (Sam Claflin) – ein ekte globetrottar og rikmann – er uoppmerksam ein augneblink og blir lam frå halsen og ned i ei ulukke. I heimbygda mistar den sjarmerande arbeidarklassejenta Louisa Clark (Emilia Clarke) kaféjobben, og på oppfordring frå kjærasten (Matthew Lewis) – som stort sett berre snakkar med ho når han set pulsklokka på pause – er den lokale arbeidsformidlinga neste stopp.

Det visar seg at det er ei nyoppretta stilling som støttekontakt for ein mann med alvorleg helseproblem. Hm, kven kan det vere? Et helt halvt år er ein klassisk flyplassroman, skapt for varme dagar på stranda eller mørke haustkveldar ved peisen. Det hindrar ikkje filmen frå å følast litt for oppklipt og upolert i møtet med filmlerretet.

Anmelding: Before Midnight: – Denne filmen snakker sant om kjærligheten

Et helt halvt år. (Foto: SF Norge)
Matthew Lewis speler den overaktive kjærasten til Emilia Clarkes hovudrolle i «Et helt halvt år». (Foto: SF Norge)

Jojo Moyes i møte med Hollywood

Forfattar Jojo Moyes – du veit, paperbackdronninga med gripande historier og pastellomslag som roper frå bokhyllene – held for tida på med si tredje bok om Lou. Etter at Hollywood snart er ferdig med å filmatisere Nicholas Sparks sine bøker, er det no hennar tur. Et helt halvt år, som er hennar filmmanus-debut, er den første i rekka, men det er allereie andre som er kjøpt opp – One Plus One (Den ene pluss en) blir mest sannsynleg den neste.

Regissør Thea Sharrock er debutant på det store lerretet, men er ein ung teaterregissør med rik røynsle frå store scener i England. I Et helt halvt år er det nok skodespelarane ho har gjort mest arbeid med.

Cinematografien, her gjort av Remi Adefarasin frå Band of Brothers (og ei rekkje romantiske komediar), verkar å vere gjort litt med eit halvt auge – heilt etter skuleboka, og like spennande som ei boligannonse.

Les også: Bok om dødshjelp ble bestselger

Klisjear vs. Godt hovudrollepar

Våre hovudpersonar gjer gode ting med det dei er gitt, men manuset elles er tomt for personlegdom – i jaget på dei to vert fleire av bokfigurane overflødige. Fokuset på forholdet mellom Will og Louisa er sjølvsagt viktigast – men Charles Dance er redusert til ein svigerfarsfigur som utgjer «papp»-en i «pappa», og Matthew Lewis forsvinn så brått og utan avslutning at eg nesten lurte på om filmen hadde gløymd at han eksisterte, andre skodespelarar frå tv-suksessar som Doctor Who og Downton Abbey vert også underbrukt.

Clarke nyttar sine høgst levande augebryn til å utgjere ei truverdig skikkelse som heimfødde Lou. Claflin er tilsvarande god som sarkastisk og bitter mann med rom for nokon i hjartet sitt – hovudsakleg utelukkande ved bruk av ansiktet. Noko seier meg at han er ein ny Matthew McConaughey. Etter nokre publikumssuksessar (Hunger Games-serien) er han no midt i samlebands-romantisk-drama-delen av karrieren si, før han om nokre år kan bryte ut og spele djupt og hardt i nokre verkeleg heftige Oscar-vinnarar. Det same gjeld for så vidt for Clarke.

Noko skal Et helt halvt år likevel ha: Det er neppe alle filmar som klarar å gjere rullestolscener romantiske. Når filmen tidvis albogar klisjeane vekk frå forgrunnen er det gode glimt også her – til dømes ei scene etter ein konsert er søtladen, men veldig fint spelt.

Anmelding: The Hunger Games: Mockingjay, part 2: – Den siste filmen er også den beste!

Et helt halvt år. (Foto: SF Norge)
Overklasse møter arbeidarklasse i «Et helt halvt år». (Foto: SF Norge)

Møter «De urørlige» i døra

Det er meir enn eit par likskapar mellom denne og De urørlige – 2012s franske film om ein eldre, ryggsøyleskada rikmann som må lærast opp til å leve igjen av sin utradisjonelle hjelpar.

I dette tilfellet har franskmennene gjort det betre, og Et helt halvt år vart faktisk utsett på grunn av den europeiske suksessen. Utan samanlikning for øvrig pensar også båe innom det å ende livet sitt før symptoma gjer det. Her går derimot Et helt halvt år lengre, utan å nødvendigvis utforske det djupare likevel. Filmen er trass alt gitt aldersgrensa «Tillatt for alle»

Hjelpt fram av godt skodespel kan likevel ikkje augebryna til verken Sam Claflin eller Emilia Clarke gjere heile jobben for Et helt halvt år. Både eksisterande og potensielle Jojo Moyes-fans vil nok finne mykje å gripe fatt i her, men filmen dukkar for hardt ned i klisjerammeverket sitt til at den klarar å unngå samlebandpreget. Synd, for det er mykje interessante tema filmen streifar innom, men lar ligge.

Om FILMEN

Et helt halvt år
  • Et helt halvt år
  • Slippdato: 03.06.2016
  • Regi: Thea Sharrock
  • Utgiver: SF Norge
  • Originaltittel: Me Before You
  • Aldersgrense: Alle
  • Sjanger: Drama, Romantikk