Nostalgi er det hardaste rusmiddelet i verda. Det kan skape lukkekjensle av noko så lite som ei lukt, for ikkje å snakke om artige spel, leiker og moro ein hadde då ein var yngre. Mighty No. 9 er eit forsøk på å utnytte dette. Det har dei ikkje fått til.
Den populære folkefinansieringstenesta Kickstarter endte med å skaffe rundt 33 millionar kroner til spelet, rundt fire gongar så mykje som relativt nystarta Comcept spurte etter i 2013.
Årsaken til givargleda? Nostalgi. Utan konteksten av at dette er ein åndeleg oppfølgjar til 80- og 90-talssuksessfranchisen Mega Man gir det knappast meining at dette spelet kjem ut i 2016, og håpet om å hente attende noko av godkjensla er eit viktig poeng.
Spelmelding: Super Mario Maker: – Remiks spillhistorien med Mario
I likskap med Mega Man-serien er også dette spelet laga av Keiji Inafune. I likskap med Mega Man-serien er også dette spelet bygd rundt ei rekkje baner med eit gitt tema du i utgangspunktet kan velgje rekkjefølgja på sjølv, der ein boss på slutten av kvart brett gir deg ein spesiell eigenskap du kan bruke mot dei andre. Nokre ting er derimot annleis.
I 2010 forlot Inafune japanske Capcom for å byrje si eiga greie. Og i mangel på lisens har han i prinsippet laga ein kopi av Mega Man. Difor speler du som Beck, den niande i serien av robotar laga av geniet Doctor White – og den einaste som ikkje har gjort opprør mot skaparane sine etter ei hending du forsøker å undersøke.
Mega Man-serien byrja på seint 80-tal eit stormløp i plattformarspelsjangeren. Lettare inspirert av Mario, men med nok personlegdom og interessante mekanikkar til å inspirere andre igjen, vart det Inafunes første suksess – seinare fulgt av arbeidet på Onimusha og Dead Rising-serien.
Mekanikken i Mighty No. 9 har gått meir attende til det reine Mega Man Classic-designet, der du kan skyte framover eller hoppe. Borte er vegghoppinga frå Mega Man X-spela, men i staden har skliinga blitt utvida med eit krafthopp framover, som i tillegg kan absorbere halvutslåtte fiendar. Dei åtte første banene kan i stor grad ferdiggjerast sjølv utan ekstrakreftene du får undervegs.
Spelmelding: Rayman Legends: – Morsomt, hysterisk, kaotisk, flott og gjennomført!
Teknisk fungerar dette fint, og kjennest som eit halvtungt Mega Man – spesielt kantgripinga som er notorisk upåliteleg. Men altså, det er 2016: Det er lov til å tillate at figurar kan skyte oppover eller på skrå no. Du kan òg spele i eit ulike utvalg modusar – frå fleirspelar, til utelukkande bosskampar, til reine utfordringsbaner. Sistnemnde er diverre meir inspirerte enn hovudbanene – med nokre få unntak – som er trist inspirasjonen teken i betrakting.
Spelutviklarar verda over har blitt inspirert i sine fascinerte møter med Mega Man og dei andre 2D-plattformspela som kom på denne tida.
Det norske selskapet Rain Games har til dømes gjort suksess på å vidareutvikle formelen for vår tid med spelet Teslagrad. Shovel Knight eller Super Meat Boy er andre. Med sjel og varme har dei laga spel som er frå denne sida av årtusenskiftet, sjølv om det er djupt forankra i grunnprinsippa frå Ijafunes ungdom.
Mighty No. 9 har ikkje komt seg vidare frå denne tida, og verken ser eller kjennest som det kostar 33 millionar kroner i 2016. Noko av problemet ligg nok i det tidlege valet om å gi det ut på praktisk talt alle eksisterande plattformar. Premieredatoar har blitt utsatt og utsatt frå utgangspunktet for over to år sidan, og skuffelsar undervegs har ført til vonbrotne Kickstarter-fans.
Spelmelding: Teslagrad: – En utfordrende og frustrerende spillopplevelse du ikke vil gå glipp av!
I første omgang kjem spelet til Windows, Playstation 3, Playstation 4, Xbox One og Wii U – med 3DS, Playstation Vita, Xbox 360, Mac og Linux-versjonar framleis i uvisse. Det er mogleg dette spelet hadde tent mykje utviklingstid på å fokusere seg på færre plattformar.
Resultatet er dermed eit spel som kjennest kutta til beinet. Figurar og animasjonar er verken samtidige eller med klassisk shwung, fiendar er ompakka versjonar av kvarandre og bossane er hosta opp frå 80-talsopphavet. Verst er keisamme og statiske mellomsekvensar.
I staden ender Mighty No. 9 opp med å lande ein stad i tidleg PS3-alder – og ser ut som det er laga for handholdte maskiner utan å eigentleg vere det. Det finst noko i dette spelet, men mest for speedrunning, og kanskje i hardnostalgiens namn. Diverre er banedesign og uttrykket verken eigenarta eller morosamt nok til å leve opp til arven.
Trass iherdig forsøk, Beck er ingen Mega Man.
Mighty No. 9 vart testa på Playstation 4.