Etter ei veke med mykje diskusjonar om adapsjonar, og korleis dei må/bør/kan gjerast, dukkar det neimen meg opp ein til. Her er det dog snakk om ei adapsjon i mildaste form.

Soga om Robinson Crusoe har sidan opphavet på 1700-talet vore gjenstand for det som må vere eit tresifra ulike filmar, bøker, teikneseriar, songar, og til og med realityseriar i altfor mange sesongar. Jamt over går den slik – ein skipbroten mann treff ei aude øy, og må overleve som best han kan på det vesle han har av ressursar i åra fram til han blir redda.

Denne gongen er det derimot ei endring, det visar seg at historia Crusoe har fortalt er hovudsakleg sjølvskryt – her er det hans trufaste papegøye som er i hovudrolla, han fortel korleis det verkeleg hendte. Papegøyen Mac, eller Tirsdag som han etter kvart blir kalla, ynskjer mest av alt å kome seg vekk frå jungeløya han bur på – som dyra rundt han ukritisk oppfattar som absolutt heile universet.

Sjølv er Tirsdag sikker på at det finst meir, og han får mistanken bekrefta når ein unggut skyl i land frå havet utanfor (meir spesifikt, England).

Les også: Topp 5: Overlevingsfilmar

Robinson Crusoe. Foto: SF Norge
Trehytta til Robinson Crusoe. Foto: SF Norge

Til å byrje med er Crusoe ein ukjend trugsel for den merkelege samansetjinga av trau-kameratar, men dei finn snart ut at den rare tobeinte berre vil dei vel. Skipskattane som skyl i land saman med han, vert derimot ei fare.

Dei norske stemmene er stort sett flotte – sjølv om dei, på godt og vondt, av og til kanaliserer 90-talets Flukta frå Dyreskogen for mykje. Eit nesten representativt utval dialekter frå utover landet stemmekler dei ulike dyra og menneska som dukkar innom øya, og set fine preg på artige – om enn litt uutvikla – figurar.

Den fransk-belgiske originaltittelen er Robinson Crusoe, men mangelen på direkte kopling til originalhistoria er sikkert noko av grunnen til at filmen berre heiter The Wild Life på engelsk. Borte er tema som slaveri og religion, venen Fredag finst ikkje, kannibalane er mest med som myte, og tida Crusoe er på øya er redusert til tida det tek å vekse seg eit dugeleg skjegg.

Slik sett er det ein lite tru adapsjon av opphavsverket, men er det dermed ein dårleg film?

Anmelding: Torden & Magi: – Haltende animasjonsfilm om husdyrenes hemmelige liv

Robinson Crusoe. Foto: SF Norge
Våre vener, dyra. Foto: SF Norge

I dette tilfellet? Njæ. Det formelsatte 90-minuttersmanuset er i beste fall middelmådig. Eit dødsfall, som tydeleg skal vere meint til å røyre publikum, er punktert av at figuren i liten grad er introdusert før den vart vekke. Legg handlinga under vatn og gi papegøyen namnet Ariel, så er du farleg nær Den Lille Havfruen, berre utan songar og med mindre sjel.

Fine figuranimasjonar styrker dei mange fysiske- og slapstick-humorbaserte delane av filmen, og miljøskildringane er fargefylte om enn litt billege – men uinspirert kamerabruk dempar det som kunne ha teke animasjonen hakket høgare.

Dei nederlandske regissørane Vincent Kesteloot og Ben Kassen har tidlegare hovudsakleg arbeidd på andre animasjonsfilmar med snakkande dyr – ført til kino her til lands som forfjorårets Torden & Magi, eller dei to filmane om skjelpadda Sammy. Desse filmane er ei etteraping av den amerikanske Pixar/Dreamworks-animasjonstradisjonen, til den grad at Crusoe ser ut som Dragetreneren-Hikken sin 1700-talsfetter.

Som dei tidlegare filmane til regissørane har også Robinson Crusoe ei svakt duft av rett-på-DVD-filmane frå Esso-billegkassa over seg: Grei tidtrøyte – for kun 49 kroner.

Om FILMEN

Robinson Crusoe
  • Robinson Crusoe
  • Slippdato: 03.06.2016
  • Regi: Vincent Kesteloot & Ben Stassen
  • Utgiver: SF Norge
  • Originaltittel: The Wild Life
  • Aldersgrense: 6
  • Sjanger: Animert, Barn