Då eg var liten hadde eg innimellom ei kjensle av at eg heilt sikkert kunne magi. Det er slikt som hender når ein veks opp med fantasy, teikneserier og har litt for god fantasi. No latar eg i staden innimellom, stort sett gjennom indre monolog, at det er magi eg nyttar for å slå på det automatiske taklyset på kontoret, eller opne dørene til matbutikken.

Mykje fiksjon, frå munnleg historietradisjon til nyare univers som Star Wars og Harry Potter, er basert på dette – at du berre ikkje har oppdaga den indre krafta di, som kan vere med på å redde verda. The Magicians set båe føtene godt planta i denne tradisjonen, men fornyar den inn i ungdomsseriens verden.

Gode effekter til trass, tv-serien treff ikkje på alle punkt – især i den kompliserte verda som blir forsøkt oppbygd på veldig kort tid.

Les også: Fleire ynskjer å ta opp tråden der Harry Potter gav seg

The Magicians. (Foto: Syfy/HBO Nordic)
Anne Dudek speler læraren som må forsøke å halde kontrollen på dei smarte, litt bortkomne elevane på Brakebills. (Foto: Syfy/HBO Nordic)

Yer a Magician, Quentin!

Quentin Coldwater (Jason Ralph) er ein utilpass ung mann som har brukt heile livet på å vere litt utanfor. Han har fordjupa seg i fantasybøker og illusjonar for å forsøke å rømme litt vekk frå verda, og har nytta si besteveninne Julia (Stella Maeve, Chicago PD) som anker til røynda.

Dei var båe to veldig opptekne av bokserien «Fillory and Further», om ei slags Narnia-aktig magisk basert på forfattaren sine eigne born.

Då han trur han skal på intervju til Yale, viser det seg at både han og Julia eigentleg er invitert til opptaksprøven til magiskulen Brakebills, eit eliteuniversitet med rom for ungdom med magisk potensial. Det mest interessante i seriens fire første episodar, eller kanskje minst forutsigbare er rett uttrykk, er at éin av dei to stryker testen.

Det at me saman med «you’re a Wizard, Harry»-figuren Quentin, òg får sjå kva som hender med smartingen som ikkje klarar å kome inn likevel er eit godt grep som fornyar interessa mi.

Serien er basert på bøkene til Lev Grossman, som har sagt at historia er inspirert av hans eigen depresjon, det å føle seg vekke frå resten av verda med håp om at noko skal redde deg. Det ligg eit eller anna universelt og lurar her, så det er synd at tv-serien snublar litt når det skal byggje verda Quentin må lære seg.

Les også: Hva betyr et terningkast?

The Magicians. (Foto: Syfy/HBO Nordic)
Kule hekser får sjølvsagt tatoveringar for å vise kor sterke dei er. (Foto: Syfy/HBO Nordic)

Hint av både «Orphan Black» og «Gossip Girl»

Som du kanskje skjønar er eg veldig glad i «person med overnaturlege krefter»-scener, anten det er magikarar eller jediar eller superheltar. Effektbudsjettet som nerdekanalen Syfy (tidlegare The Sci Fi Channel) har gitt serien bidreg godt her. Sjølv om miljøa rundt figurane ofte kan vere litt blanke, er den digitale magien ei forsterkande kraft til seriens gode.

– Holy shit, I did that, seier Quentin når han for første gong halvbevisst lagar eit House of Cards med kortstokken han stort sett berre har gjort hobbytriks med tidlegare.

The Magicians kan minne litt om Orphan Black, om enn meir forhasta, med eit hint av Divergent, då Quentin i starten viser seg å vere litt vanskeleg å plassere i eit av skulens mange magi-hus.

Nokre av dialogane mellom dei pene ungdommane gir luktar litt av både utsjånaden og dei snappy samtalane i Gossip Girl, og serien deler nok opphav med dei rappkjefta skumlingjegarane i Supernatural som showrunner Sera Gamble var sjefsprodusent på.

Filmmelding: The Divergent Series: Allegiant: – Dette er dessverre seriens svakeste

The Magicians. (Foto: Syfy/HBO Nordic)
Hale Appleman gjer ei god rolle som Eliot, den sjølvsikre gruppeleiaren med ein mørk hemmelegheit. (Foto: Syfy/HBO Nordic)

Eit meir vaksent «Harry Potter»

Parallellane til Harry Potter er noko serien må tole, men dette er eit hakket meir vaksent univers. Eg kan iallfall ikkje hugse mange (overraskande påkledde) sexscener på Hogwarts, og heller ikkje alkoholhaldige tryllefestar satt til MGMT-musikk.

Det er også tydeleg at denne serien er satt til vårt univers, der Harry Potter er ei bok folk har lest, og George Bush Junior faktisk er ein trollmann (dette forklarar mykje).

Første episode kastar mykje på sjåaren. Det er mykje godt der, men den presser veldig mykje informasjon på eit lite område, og dei komande to episodane er diverre ujamne totalt sett – verken figurane eller skulemiljøet får særleg plass, og figurar og hendingar vert lagt i miksen utan gode forklaringar.

Litt artig er det jo når moglegheita for å bli nekta å feste nesten verkar like skummelt som utomjordiske beist, men det etablerar ikkje så mykje for seriens del. Den fjerde episoden snur stemninga, og fokuserar endeleg inn igjen på handlinga, figuren Quentin, og kor sterke kreftene i denne verda er.

TV-seriemelding: Supernatural: – Skremmende godt om Lucifer og dommedag!

The Magicians. (Foto: Syfy/HBO Nordic)
Fjerde episode fokuserar litt meir på Quentin igjen. (Foto: Syfy/HBO Nordic)

Eg får mest lyst til å lese bøkene

Hendingane frå bøkene er stokka litt om på, hovudsakleg for å setje opp ei sterkare konflikt i første sesong. Det er synd at serien ikkje tek seg tid til det faktiske skulearbeidet, dei magiske formlane verkar mest som handrørsler figurane plutseleg kan – at boklesarar veit kva som går inn i arbeidet er ikkje ei trøyst for tv-tittarane.

TV-serien er grei nok til å byrje med, men det verkar som om dei rasar gjennom mykje av handlinga for å gjere plass til noko i slutten av sesongen. Effektarbeid og ei interessant verd gjer mykje for å vege opp for eit forhasta plott i byrjinga. Fjerde episode gir meg òg håp om at det kjem noko å bite i etter kvart her.

Men først og fremst får eg lyst til å lese meir av bøkene.

Heile første sesong er tilgjengeleg på HBO Nordic frå 20. juni, og ligg også i amerikansk iTunes.

Om SERIEN

The Magicians
  • The Magicians
  • Slippdato: 20.06.2016
  • Utgiver: HBO Nordic, Syfy
  • Serieskaper: Sera Gamble
  • Sjanger: Drama, Eventyr, TV-Serie