Hopp til innhold

Kate leiar an i Emmy-kappløpet

Nykommaren «Mildred Pierce» med Kate Winslet i hovudrolla fekk flest Emmy-nominasjonar. Sjå lista her!

Kate Winslet
Foto: JESSICA RINALDI / Reuters

Emmy

Emmy-prisen.

Foto: AFP/Scanpix
Rune Håkonsen Filmpolitiet

Rune Håkonsen i Filmpolitiet har trua på at «Mildred Pierce» vil få fleire Emmy-prisar.

Klokka 14.40 norsk tid gjekk Melissa McCarthy og Joshua Jackson på scena på Leonard H. Goldenson Theatre i Los Angeles for å annonsera dei nominerte til årets Emmy-prisar.

Den store vinnaren vart miniserien «Mildred Pierce» med Kate Winslet i hovudrolla, med 21 nominasjonar.

– Det overraskar ikkje, med tanke på at det er Todd Haynes som er regissør for «Mildred Pierce». Med filmar som «Far From Heaven» og «I'm Not There» har han vist eit godt grep om lengre narrative forteljingar, seier Rune Håkonsen i NRK Filmpolitiet.

I «Mildred Pierce» følgjer me ei skilt åleinemor under depresjonen i USA. Miniserien går over fem episodar, og kom først på amerikanske TV-skjermar i mars i år.

Miniserien vart tett etterfølgt av «Mad Men» med 19 nominasjonar. Serien vart den største Emmy-vinnaren i fjor, og enda opp med fire prisar, mellom anna den gjeve prisen for beste dramaserie.

– Sesongen som «Mad Men» er nominert for i år, er ekstremt sterk. Likevel trur eg ikkje den kjem til å sopa inn like mange prisar som i fjor. Komiteen vil nok tenka at serien har fått sin del av det store prisdrysset, seier Rune Håkonsen.

SJÅ NOMINERTE «BOARDWALK EMPIRE» HER

Han er overraska over at miniserien «Kennedys» fekk 10 nominasjonar.

– Serien blir sett på som kontroversiell i USA, og er blitt trekt frå fleire kanalar. Det er interessant at serien likevel vart nominert i den viktige kategorien «beste miniserie», seier Håkonsen.

Les meir om Emmy-utdelinga i fjor her.

Emmy er tv-bransjen sitt svar på Oscar-prisen. Prisane har vorte delt ut sidan 25. januar 1949.

Emmy-prisane blir delte for 63. gong, i under eit direktesend TV-show 18. september.

Du kan følgja nedteljinga og sjå alle nominerte her.

Her er dei nominerte i hovudkategoriane:

Beste animerte serie

«The Cleveland Show»

«Futurama - The Late Philip J. Fry»

«Robot Chicken: Star Wars Episode III»

«The Simpsons - Angry Dad - the Movie»

«South Park - Crack Baby Athletic Association»

Beste dramaserie

Boardwalk Empire

The Good Wife

Mad Men

Friday Night Lights

Dexter

Game of Thrones

Beste kvinnelege skodespelar, drama

Elisabeth Moss, Mad Men

Connie Britton, Friday Night Lights

Mariska Hargitay, Law & Order: Special Victims Unit

Mireille Enos, The Killing

Julianna Margulies, The Good Wife

Kathy Bates, Harry's Law

Beste mannlege skodespelar, drama

Steve Buscemi, Boardwalk Empire

Michael C. Hall, Dexter

Kyle Chandler, Friday Night Lights

Jon Hamm, Mad Men

Hugh Laurie, House

Timothy Olyphant, Justified

Beste kvinnelege birolle, drama

Kelly Macdonald, Boardwalk Empire

Christina Hendricks, Mad Men

Michelle Forbes, The Killing

Archie Panjabi , The Good Wife

Margo Martindale, Justified

Christine Baranski, The Good Wife

Beste mannlege birolle, drama

John Slattery, Mad Men

Andre Braugher, Men Of A Certain Age

Walton Goggins, Justified

Peter Dinklage, Game Of Thrones

Josh Charles, The Good Wife

Alan Cumming, The Good Wife

Beste komiserie

Glee

Parks and Recreation

The Office

Modern Family

30 Rock

The Big Bang Theory

Beste mannlege skodespelar, komedie

Matt LeBlanc, Episodes

Jim Parsons, The Big Bang Theory

Steve Carell, the Office

Johnny Galecki, The Big Bang Theory

Louis C.K, Louie

Alec Baldwin, 30 Rock

Beste kvinnelege skodespelar, komedie

Laura Linney, The Big C

Edie Falco, Nurse Jackie

Amy Poehler, Parks and Recreation

Melissa McCarthy, Mike & Molly

Martha Plimpton, Raising Hope

Tina Fey, 30 Rock

Beste kvinnelege birolle, komedie

Jane Lynch, Glee

Betty White, Hot in Cleveland

Julie Bowen, Modern Family

Kristen Wiig, Saturday Night Live

Jane Krakowski, 30 Rock

Sofia Vergara, Modern Family

Beste mannlege birolle, komedie

Jon Cryer, Two And A Half Men

Chris Colfer, Glee

Jesse Tyler Ferguson, Modern Family

Ed O'Neill, Modern Family

Eric Stonestreet, Modern Family

Ty Burrell, Modern Family

Best varité-, musikk- eller komedieserie

The Colbert Report

Late Night with Jimmy Fallon

Saturday Night Live

Conan

Real Time With Bill Maher

The Daily Show With Jon Stewart

Beste miniserie eller film

Mildred Pierce

Downtown Abbeu (Masterpiece)

The Kennedys

Cinema Verite

Too Big to Fail

The Pillars of the Earth

Beste kvinnelege skodespelar, miniserie eller film

Kate Winslet, Mildred Pierce

Elizabeth McGovern, Downton Abbey (Masterpiece)

Diane Lane, Cinema Verite

Taraji P. Henson, Taken From Me: The Tiffany Rubin Story

Jean Marsh, Upstairs Downstairs (Masterpiece)

Beste mannlege skodespelar, miniserie eller film

Greg Kinnear, The Kennedys

Barry Pepper, The Kennedys

Edgar Ramirez, Carlos

William Hurt, Too Big To Fail

Idris Elba, Luther

Laurence Fishburne, Thurgood

Beste birolle, miniserie eller film

Guy Pearce, Mildred Pierce

Brian F. O'Byrne, Mildred Pierce

Tom Wilkinson, The Kennedys

Paul Giamatti, Too Big To Fail

James Woods, Too Big To Fail

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)