Det er nesten eit år sidan «La La Land» ved ein feil blei ropt opp som vinnaren av Oscar-prisen for Beste film, men som etter litt om og men blei delt ut til «Moonlight».

No er vi påan igjen.

Den 90. Oscar-utdelinga går av stabelen natt til måndag 4. mars og skal gjere stas på dei beste filmane frå 2017. I dag kunngjorde The Academy of Motion Picture Arts and Sciences kven som er nominert i dei totalt 24 kategoriane.

«The Shape of Water» er nominert i 13 av kategoriane, og står igjen som filmen med størst vinnarsjanse til årets Oscar-utdeling. Filmen tok også med seg to prisar under årets Golden Globe-utdeling, og kjem til Norge i februar.

«The Square» kan vinne

Den svenske filmen «The Square» er nominert i kategorien for beste framandspråklege film. Danske Claes Bang har hovudrolla i filmen der også Elisabeth Moss (kjend frå The Handmaid’s Tale) har ei birolle, medan norske Gunhild Enger var medansvarlig for castingarbeidet til filmen.

«The Square» er regissert av Ruben Östlund og vann også Gullpalme-prisen i fjor. I tillegg var den nominert i tilsvarande kategori under årets Golden Globes-utdeling, men fekk ikkje med seg pris heim då.

Det som mange ønska skulle bli Norge sitt Oscar-håp i år, Joachim Trier sin thriller «Thelma», nådde ikkje opp på kortlista til akademiet i kategorien beste framandspråklege film. Derimot var filmen kortlista i kategorien for beste filmmusikk, komponert av norske Ola Fløttum, men kom ikkje med på lista over dei nominerte.

I år som i fjor, er det talkshowvert og komikar Jimmy Kimmel som skal vere programleiar under utdelinga. Under programmet i fjor, harselerte han med president Donald Trump. Mange ventar liknande stikk i år.


Dei nominerte er:

Beste film

Call Me by Your Name
Darkest Hour
Dunkirk
Get Out
Lady Bird
Phantom Thread
The Post
The Shape of Water
Three Billboards Outside Ebbing, Missouri


Beste regissør

Christopher Nolan, Dunkirk
Jordan Peele, Get Out
Greta Gerwig, Lady Bird
Paul Thomas Anderson, Phantom Thread
Guillermo del Toro, The Shape of Water


Beste kvinnelege hovudrolle

Sally Hawkins, The Shape of Water
Frances McDormand, Three Billboards Outside Ebbing, Missouri
Margot Robbie, I, Tonya
Saoirse Ronan, Lady Bird
Meryl Streep, The Post


Beste mannelege hovudrolle

Timothée Chalamet, Call Me By Your Name
Daniel Day-Lewis, Phantom Thread
Daniel Kaluuya, Get Out
Gary Oldman, Darkest Hour
Danzel Washington, Roman J. Israel, Esq


Beste kvinnelege birolle

Mary J. Blige, Mudbound
Allison Janney, I, Tonya
Lesley Manville, Phantom Thread
Laurie Metcalf, Lady Bird
Octavia Spencer, The Shape of Water


Beste mannelege birolle

Willem Dafoe, The Florida Project
Woody Harrelson, Three Billboards Outside Ebbing, Missouri
Richard Jenkins, The Shape of Water
Christopher Plummer, All The Money In The World
Sam Rockwell, Three Billboard Outside Ebbing, Missouri


Beste originalmanus

The Big Sick
Get Out
Lady Bird
The Shape of Water
Three Billlboards Outside Ebbing, Missouri


Beste tilrettelagde manus (Adapted screenplay)

Call Me By Your Name
The Disaster Artist
Logan
Molly’s Game
Mudbound


Beste framandspråklege film

A Fantastic Woman – Chile
The Insult – Libanon
Loveless – Russland
On Body And Soul – Ungarn
The Square – Sverige


Beste animasjonsfilm

The Boss Baby
The Breadwinner
Coco
Ferdinand
Loving Vincent


Beste dokumentar

Abacus: Small Enough to Jail
Faces Places
Icarus
Last Men in Aleppo
Strong Island


Beste foto

Blade Runner 2049
Darkest Hour
Dunkirk
Mudbound
The Shape of Water


Beste filmredigering

Baby Driver
Dunkirk
I, Tonya
The Shape of Water
Three Billboards Outside Ebbing, Missouri


Beste produksjonsdesign

Beatuy and the Beast
Blade Runner 2049
Darkest Hours
Dunkirk
The Shape of Water


Beste kostymedesign

Beauty and the Beast
Darkest Hour
Phantom Thread
The Shape of Water
Victoria & Abdul


Beste originalmusikk

Dunkirk
Phantom Thread
The Shape of Water
Star Wars: The Last Jedi
Three Billboards Outside Ebbing, Missouri


Beste originalsong

«Mighty River», Mudbound
«Mystery Of Love», Call Me By Your Name
«Remember Me», Coco
«Stand Up For Something», Marshall
«This Is Me», The Greatest Showman


Beste visuelle effektar

Blade Runner 2049
Guardians Of The Galaxy: Vol. 2
Star Wars: The Last Jedi
Wars for the Planet of the Apes
Kong: Skull Island


Beste makeup og hår

Darkest Hour
Victoria & Abdul
Wonder


Beste lydmiks

Baby Driver
Blade Runner 2049
Dunkirk
The Shape of Water
Star Wars: The Last Jedi


Beste lydredigering

Baby Driver
Blade Runner 2049
Dunkirk
The Shape of Water
Star Wars: The Last Jedi


Beste kortfilm

Dekalb Elementary
The Eleven O’clock
My Newphew Emmett
The Silent Child
Watu Wote / All of Us


Beste animerte kortfilm

Dear Basketball
Garden Party
Lou
Negative Space
Revolting Rhymes


Beste kortdokumentar

Edith and Eddie
Heaven Is A Traffic Jam On The 405
Heroin(e)
Knife Skills
Traffic Stop


Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.