Vårt livs ferie kan sjåast som ein lettbeint krysning mellom Michael Hanekes Gullpalme-vinnande Amour og Andrew Haigh sin 45 år. Men der dei filmane er rikt nyanserte, og litt dystre skildringar av vanskane som kan oppstå i langvarige ekteskap, er denne «roadtrip»-filmen frå Paolo Virzi eit meir romantisert glansbilete.

Virzi balanserar sjangerriktig behagelege landskapsbilete med lett dramatiske og humoristiske forviklingar. Turen går samtidig nedover den amerikanske sørkysten og ekteskapshistoria til Ella og John Spencer. Filmen trår ikkje særleg ny dramatisk grunn, men maktar å vere passeleg medrivande, bore av sterkt skodespel i hovudrollene.

ANMELDELSE: Røverdatter – Sterk dokumentar om et spesielt far og datter-forhold

Helen Mirren er sedvanleg god i rolla som Ella Spencer. (Foto: Norsk Filmdistribusjon)

To på rømmen

Når sonen Will kjem for å køyre mora til sjukehuset er både ho, faren, og den slitne bubilen av merke Winnebago fordufta. Helen Mirren og Donald Sutherland spelar det aldrande ekteparet som har bestemt seg for å ta ein siste roadtrip saman, med Hemingway-huset i Key West, Florida som endestasjon.

Sant å seie er det litt tvilsamt at begge var med på den avgjersla. John er nemleg komen på det stadiet av demens der han kan skifte mellom å vere fullstendig klar, og å ikkje vite kva år det er på ein augeblink. Mange av filmens dramatiske vendingar spelar på nettopp dette. Sidan hovudet hans utan varsel hoppar mellom ulike tiår blir Ella nøydd til å kjenne på både nye og gamle kjensler. I notida er dei eit lykkeleg gamalt par som ikkje kan tenkje seg livet utan kvarandre. I fortida har spesielt John nokre skjulte kompleks.

ANMELDELSE: Lady Bird – En uimotståelig sjarmbombe fra Greta Gerwig

Steminga i filmen fremjast av flott landskapsfoto. (Foto: Norsk Filmdistribusjon)

Ujamn plotting reddast av rutinerte skodespelarar

Styrken til Vårt livs ferie ligg i samspelet mellom Mirren og Sutherland. Når dei får tid til å konversere, anten det er mimring eller småkjekling, lyser varmen av eit langt og godt forhold gjennom. Det er vanskeleg å ikkje kose seg med dei. Av og til kjennast det som truverdig solide kjærasteforhold er ein mangelvare i filmverda, noko denne filmen hjelper mot.

Diverre jobbar ikkje alle dei rørlege delane i filmen like godt saman. Sidehistoria om dei vaksne borna til Ella og John er bortvist til nokre korte telefonsamtalar som ikkje byggar mot noko spesielt. Filmen nyttar òg nokre vel oppbrukte klisjéar i det familiære dramaet, men det er heldigvis snakk om sidespor som ikkje blir lena for hardt mot.

Det som kanskje skurrar mest er at regissøren har valt å tidfeste filmen midt i valkampen til Donald Trump. Dette etablerast heilt i byrjinga, for so å gå i gløymeboka heilt til John mykje seinare roter seg bort i eit samling med «Make America Great Again»-forkjemparar, i ei scene som knapt heng saman med noko som helst. Det er synd at manuset ikkje er strammare.

Vårt livs ferie er lett å like. Det er rett og slett kjekt å sjå to distingverte skodespelarar få utforske rollefigurar litt ovanfor Hollywoods vante aldersrom. Ella og John Spencer er nok langt frå dei mest originale figurane du ser på film i år, men måten Mirren og Sutherland forhøgjer materialet dei har å jobbe med er ganske verdt å få med seg.

Om FILMEN

Vårt livs ferie
  • Vårt livs ferie
  • Slippdato: 23.03.2018
  • Regi: Paolo Virzi
  • Utgiver: Norsk Filmdistribusjon
  • Originaltittel: The Leisure Seeker
  • Aldersgrense: 12 år
  • Sjanger: Drama, Indie, Komedie